torsdag 5. desember 2013

Lipizzanerhestpeparkakeformer

Dukka overskrifta opp fordi eg slit med siste kryssorden til Rolf Hansen i Magasinet? Han med dei lange og snirklete orda... Nok om det, i sommerferien min var eg var i Piber, Austerrike. Oppe i fjellet der er sommerbeitet til ein del av Lipizzanerhestane. Beitet deira var ca. 1500 m til fjells med flott utsikt. Dette var fornemme hestar, dei ensa ikkje oss turistar i det heile. Kanskje dei berre tenkte på opptaksprøva til den Spanske Rideskulen? På senteret i nærleiken var å få kjøpt alle slags hestegreier. Eg kom ut derifrå med to peparkakeformer. Så i år blir det Lipizzanerhestpeparkaker!




torsdag 21. november 2013

Julemarked i Botanisk hage på Tøyen

Laurdag 30. november frå 11.00 - 16.00 er det julemarked i Botanisk hage. Dette er eit lite utemarked, men kvaliteten og utvalet på varene er verkeleg bra! Her er ein link til BhVs webside som viser litt av utvalet. I tillegg er det eit barnevennleg marked der hesten frå KØBB tek barna med på køyretur i hagen, og i år skal det og vere sang og gang rundt det store juletreet. Vel, kanskje ikkje så mykje gang ettersom både "Jeg gikk meg over sjø og land" og "Så går vi rundt om en enebærbusk" står på repetoaret...Botanisk hages Venner skal selge rognebærgelé laga av rognebær frå Botanisk hage. Vi får tru dei smaker ekstra godt.



fredag 15. november 2013

Nesten kolibri...

Eg har alltid vore fasinert av sommerfuglar. For ein del år tilbake ville eg starte sommerfuglsamling, men der møtte eg veto i familien.  Familien sa at uansett kor kort liv sommerfuglar har så skulle det levast ut, og ikkje forkortast av meg. Med digitalt kamera har fotografering av sommerfuglar vorte enklare. Her er to sommerfuglbilder frå ferien i sommar. Den første sommerfuglen heldt til i eit blomsterbed i byen Szombathely i Ungarn, og det var då mannen min ropa: "Kolibri!". Inga dårleg samanligning forresten, sommerfuglen svirra i lufta og sugde nektar med lang snabel. Eg trur det må vere  dagsvermaren Macroglossum stellatarum. Den neste sommerfuglen var lett sliten, og sat på ein murkant rett bak Stephansdomen i Wien. Ifølge boka kan det vere Stor snabelsvermer, Deilephila elpenor. Og eg medgir idag at det kjennest bedre å ha sommerfuglar på foto enn på knappenåler....



torsdag 7. november 2013

Hage med pagodetre

Småhageeigarar gløymer ofte ved planting at tre blir store og treng plass. Det ser eg mykje av her eg bor, og det er så trist når flotte lønnetre, elegante bjørker og gamle bøkar blir fjerna. (Eg medgir at det er lauvtrea som er mine favoritter). Så tenk da min reaksjon her ein dag tidleg i september. Eg står på eit busstopp der eg sjeldan står og inne i hagen bak meg jobber to trearbeidarar. Bussen blir gløymt, eg styrter til porten og står der og signaliserer med heile mitt kroppspråk sterk misnøye. Den eine arbeidaren kjem bort, og eg ropar om dei verkeleg hadde tenkt å felle det praktfulle treet! Å neida var svaret, her skulle treet berre stellast og pleiast, for dette var eit pagodetre må vite! Eg blei så glad, det er noen som tar vare på skattane i hagen. Dagen etter var eg tilbake med fotoapparat, og sjøl fra avstand kunne eg sjå eit yrande insektliv i blomstrane.


torsdag 31. oktober 2013

Avslutning hagesesongen

Sommaren som teikna så dårleg i starten kom seg etterkvart, og hausten den har berre vore praktfull. Heilt til no har det vore blomster i hagen. Det er vel helst tilfeldig ettersom eg ikkje er flink å planlegge blomstring utover heile sesongen. Rusoløye, kjempekrage og restar av sommerblomster gled meg med sein blomstring, og ikkje minst blodbegerplantene er fantastisk fine! Eg har samla frø, kanskje eg skal finne ut korleis eg kan dele frøa med andre? På bildet av blodbegerplanten er også kome med frø frå 'Thunbergia gregorii 'Gregory'. Eg tok inn disse frøa, og la dei til tørk, og fekk den store forskrekkelsen! Dei eksploderte slik som springfrø! No har eg lagt dekke over slik dei held seg på plass... Så er det bilde av naboen sin blodlønn som står i grensa mellom hagane våre og dermed gled meg stort. Til slutt ei lett medteken gul rose. Stor takk til hagen min for alle gleder i år!




torsdag 12. september 2013

Gjett kven som ikkje har brukt sykkelen på lang tid....

I dag var eg faktisk inne på tanken om å ta ein sykkeltur. Men når eg såg kven som hadde teke den i bruk, ja, så kunne eg no ikkje det....



torsdag 5. september 2013

Frå hagen min akkurat no

Det har vore ein slik fin haust med langvarig blomstring i hagen! Så mykje å glede seg over! Først er det revehalen, Amaranthus, som har strekt/senka seg til nesten ein meter. Og tenk, det var eit frø frå i fjor som spirte i kannakrukka  inne til driving. OK, greit tenkte eg, då skal du få ein sjanse og bli med ut i hagen. Snakk om flott resultat!


På hagebordet står det som - kanskje - heiter ein rosenknopp pelargonia. Eg har hatt han i mange år, og namnet har blitt borte for meg. Fin uansett!


Her er dusksalvie 'Pink Sundae' og ein god del anna. Favoritthjørnet til humler og bier!


søndag 11. august 2013

Sommardessert pynta med agurkurt

Har du søndagsdesserten klar? Dersom ikkje, så er her eit forslag: Bringebær og markjordbær marinert i konsentrert hylleblomstsaft og pynta oppå med blå og kvite agurkurtblomster samt sitronmelisse! Eg garanterar at det smakar bra. Agurkurt er forresten favorittplanta til humlene i hagen min. Og det er no slik at har du ein gang planta agurkurt i hagen, så har du han overalt seinare. Det synest både eg og humlene er rett så bra! Men eg har ikkje klart å finne ut om humlene foretrekke blå eller kvite blomster...



torsdag 8. august 2013

Verdas eldste vinstokk

Eg har vore på ferietur i Sør-Europa. Reine amerikanske opplegget, 4 land på ei lita veke! Men når avstandane ikkje er så store så går det fort unna. I byen Maribor i Slovenia vart vi presentert for verdas eldste vinstokk (vart det sagt) som skulle ha den formidable alder av 440 år. Dei modne druene er mørk blå, og årleg vart det laga ca. 30 liter vin av druene frå denne gamle vinstokken. Og vinen var ikkje for kven som helst, nei. Her måtte du vere kjendis i øverste klasse for å få smake ein liten drope...



tirsdag 6. august 2013

Mår på Møre

Bror min på Møre har siste åra hatt besøk i hagen av ein mår. Og det måren likar å ete er stikkelsbær! Dei siste åra har måren dukka opp i hagen akkurat når stikkelsbæra er modne, han har tydelegvis lagt det inn på sjekklista si. Og bror min skriv som vanleg at no må eg skunde meg til Møre dersom eg skal skal plukke stikkelsbær. Vel, eg var der tidlegare i sommar (seks dagar med regn!), heretter skal eg følge med og reise dit når høgtrykka er på veg inn....


torsdag 25. juli 2013

Tibouchina og bredflatbelg

Endeleg kom varmen til stor glede for både meg og hagen! Humler og bier har dukka opp, (eg har vore bekymra over å sjå så få i hagen) og jobbar ivrig i hagevillnisset mitt. For ei tid tilbake kom eg over på torget ei plante som var satt ned til halv pris. "Tibouchina" sa selgeren. Heilt ukjent for meg, men eg let meg friste - halv  pris! - og bar planta heim. Så vart det omplanting i større krukke og litt god jord, og resultatet er flott blomstring! At eg må ordne overvintringsplass inne til vinteren har eg så langt fortrengt...Bredflatbelgen, Lathyrus latifolius, fekk eg av ei veninne i fjor med beskjed om å stelle pent med planta slik at det vart frøavling. Stellet i fjor var nok så som så, men bredflatbelgen overlevde til min store forbløffelse vinteren, og har no klatra 2 m opp på husveggen. Mengder av rosa blomster, men utan duft. Og i tillegg til å vere ein dekorativ klatreplante så likar humlene bredflatbelgen!



lørdag 6. juli 2013

Bogstad Gård og fruefiolen

Bogstad Gård er ein flott herregard som var i privat eige til midten av femtitalet. Ein av dei tidlegare eigarane var Peder Anker. Han var Norges første statsminister etter 1814. Rundt hovedhuset er der eit stort parkanlegg.


For nokre år sidan starta oppgradering og rehabilitering av parken, bl. a med nye bed og anlegg av hagedammer slik dei hadde vore tidlegare. Plantene som er brukt i beda er etter ei planteliste fra 1792. Staudene i beda var mange gamle kjenningar som daglilje, iris, bondepeon, busknellik og  akeleiefrøstjerner. Men i bedet dukka det også opp - for meg - ein heilt ny hageplante, nemleg Fruefiol - Hesperis matronalis. Eg grubla kva det kunne vere for blomst med så nydeleg duft som for meg var heilt ukjent! Heldigvis for oss som går i parken, vi blir informert... I ein kasse låg ark med namn og detaljer over plantene som var sett ut. Slik fekk eg vite at namnet var fruefiol.  I dag var eg tilbake for å ta bilde av fruefiolen, og det var dei aller siste restane som no sto igjen i blomst. Dersom eg ikkje hugsar heilt feil såg eg forrige gang både rosa og kvit fruefiol i tillegg. I ei av hagebøkene mine sto at det var ein staude som passa best der den kunne vekse litt fritt og gi inntrykk av ein villhage. Med andre ord - perfekt hos meg!


lørdag 29. juni 2013

Eg vil ha eit syttitals-bed!

Det sipregnar. Skikkeleg vått ute. Så alle uteplaner er lagt bort, og istaden hygger eg meg med blomsterbilde og høyrer på musikk. I dag tek eg fram - som motvekt til regnveret - dei mest lysande, oransje blomstrane eg har. Og det er ein knallfarga valmue som eg fekk av ei veninne med garanti om at ho var kvit..... Dernest er det ein ballblom der namnet er heilt borte for meg, og så årets klatreplante: Thunbergia gregorii 'Gregory'! Desse kunne vel vere utgangspunkt for eit syttitals-blomsterbed. Eit bed med blomster i oransje, gult, beige og brunt. Der stoppa det opp. Eksisterar det brune blomster, og då meinar eg melkesjokoladebrune. Kom gjerne med forslag!




tirsdag 25. juni 2013

Timianlykke

Ifjor vart det rydda og planta til på ei stor ugrastomt ikkje så langt ifrå her eg bur. Resultatet er det mange meiningar om, men eg er storbegeistra for timianbedda som vart anlagt. Bedda - 5 stykker i alt - er ganske store og har fasong som ei omvendt brødform. Så er dei planta til tett i tett med timianplanter i fleire fargar. Og det var ikkje berre eg som fryda meg over timianen.  Like begeistra og ivrige i sankejobben var store og små humler og mengder av bier! PS. Eg har allereie sett meg ut ein plass i hagen min der eg skal plante timian...




søndag 23. juni 2013

Lilla og blå søstre

Vinteren har ikkje vore snill med hagen min. Valmuesøstrene har heldigvis overlevd - blomstrer til og med finare enn på mange år. Og den trassige minisøstra, Meconopsis quintuplinervia, har forsona seg med ny vekseplass. Eg har prøvd å flytte denne planta frå barnebedet før, men det har aldri gått bra. Men i år er det  flott og langvarig blomstring. Og så tar eg med bilde av ei lilla valmuesøster frå Gøteborg botaniske hage, Meconopsis aculeata.  Der var eg for eit par veker sidan, ein fantastisk fin botanisk hage! Reis dit!







onsdag 29. mai 2013

Søndag er det Vårtreff i Botanisk hage på Tøyen!

Søndag 2. juni arrangerer Botanisk hages Venner Vårtreff i Botanisk hage. Det bruker å vere ein stor dag for alle plante- og hageinteresserte. Då er det salg av sommerblomster, urter, stauder, Oldemors hage planter og spesielle planter. Det er gratis omvisninger i hagen, kafe med vaffel og kaffisalg og natursti for barna. I år er Botanisk hages Venner med på feiringa av Edvard Munch, og gjer det ved å selge nokre utvalde planter han dyrka i hagen på Ekely og i Åsgårdstrand. Plantene er levkøyer, reseda og duftheliotrop. Plantelistene ligg ute på nettstaden til BhV, kanskje det er noke som frister slik du tar turen til Tøyen?





fredag 17. mai 2013

Ikkje blomster men fargerikt bunadbilde

Gratulerer med dagen alle der ute! Det har vore ein fin dag som enno ikkje er over. Eg har så langt fått med meg det eg ønsker av nasjonaldagen: Korpsmusikk, taler på Vår Frelsers gravlund, barnetog med mengder av flagg og masse blide mennesker som hygger seg. Bildet er av ryggen på Hulda Garborg drakta som svigermor mi broderte omlag 1930. Vi kallar drakta "Nesten vaksen" for ho blir brukt av jentene i slekta når dei er 13 - 14 år. Eg hadde plagget framme i år fordi ei ung dame frå Afganistan hadde lyst til å feire dagen i norsk bunad og lån av drakta var aktuelt. Eg tenkte på svigermor som i tredveåra opplevde at Hulda Garborg drakta var eit provoserande klesplagg for mange, ho hadde likt at drakta no vart brukt av ei ung innvandrerjente!

onsdag 8. mai 2013

Humleholk og humler

Eg fekk i julepresang for eit par år tilbake ein humleholk. Innkjøpt på Naturskyddsføreningen i Sverige, og holken var designa for jordhumler. Den skulle altså gravast ned, og det fulgte med eit 40 cm langt innkrypingsrør! Eg er glad i humler, og ønsker å legge til rette for dei i hagen min. Holken var graven ned, men ingen humler flytta inn! Det er nok ikkje så enkelt å få humlene til å finne fram. Om hausten grov eg opp holken, og då bar den spor av å ha vore bustad for saksedyr....No i år har eg sett holken på veggen utan innkrypingsrør. Til informasjon, botnen i kassa er dekka med ca 3 cm trespon.


Og så må eg ta med mitt favorittbilde av humle. Denne humla jobbar iherdig i den kvite julerosa mi. Julerosa er den første stauden som blomstrar i hagen min, til like stor glede for meg og humlene!


lørdag 20. april 2013

Blodbegerplanta mi blomstrer!

I haust fekk eg tips om at det var enkelt å overvintre blodbeger, da blei dei enda flottere neste sesong... Så eg drog seinhaustes diger krukke inn i stova, der vart blodbegeret plassert attmed største vindauga.  Som kjent har vinteren vore kald i år, vi har hatt det varmt og godt inne, men det har ikkje vore ønsketemperatur for ei overvintringsplante. Det såg imidlertid ut til å gå bra, blodbegeret voks og tvinna seg rundt gardinstanga, og eg tenkte med gru korleis eg skulle klare å ordne opp i plantefloken. Og så oppdaga eg bladlus!! Men etter eit par omganger med grønsåpeblanding vart lusa borte. (Slett ikje dumt å bruke grønsåpespray inne, alltid nyvaskalukt) . Ompotting og nedhaling fra gardinstanga gjekk no på eit vis, og her er resultatet idag.


tirsdag 9. april 2013

På leit etter våren i Bergen

Dårleg med vårteikn i Bergen! Hustak med nysnø var eit uventa syn for meg laurdags morgen. Heldigvis, i hagen til svoger Jostein fann eg både snøklokker og krokus. Vi får tru at våren berre er litt forsinka......




lørdag 30. mars 2013

Fortsatt i gult modus

Endeleg! Der kjem opp dei første spirane på canna-knollane. På min vanlege slomsemaner har eg ikkje merka i haust fargane på knollane før eg lagra dei. Eg vonar det er av den gule sorten, men når det er sagt så er eg takknemleg for det eg får. Skjærtorsdag hadde eg ein middagsgjest.  Han hadde med ein bukett med mimosagreiner. Så fine og med nydeleg duft. Og så, for å fortsette med det gule, bilde av eit påskeegg malt av eit lite barn for mange år sidan.




fredag 22. mars 2013

Rosmarin - favorittkrydder til lammesteik

No nærmar påske seg, og lammesteik står på menyen hos mange. Slik er menyvalet hos meg og, og kjøtet må krydrast med rosmarin, Rosmarinus officinalis. Eit fantastisk krydder med brukshistorie som går kanskje tusenvis av år tilbake. Namnet tyder "dogg frå havet". Eg har ein draum om å få sjå eit område med rosmarin i full blomst, men så langt har eg ikkje vore i middelhavsterrenget i rett tid. Men eg har gått tur i solvarme mellom store, grøne duftande rosmarinplanter, og det er er lykkeoppleving. Rosmarinen er ikkje lett å få til å overvintre. Mitt inneklima passer ikkje, så eg gjer ikkje lenger forsøk på å ha ei plante i vinduskarmen. Rosmarinen på bildet står altså ikkje hos meg. Denne flotte planta bor i eit veksthus, og har ein gartner til å stelle seg.... God Påske alle der ute og nyt lammesteika med rosmarin!



torsdag 14. mars 2013

14 sprettkalde minusgrader med ein snev av vår

Vinteren har på ingen måte sleppe taket. Det er iskaldt om morgenen, og vegen utanfor huset er reine skøytebana. Så eg stolprer varsamt avgårde med broddar på støvlane, og speider etter tørr veg med grus... Men det er varme i sola og i dag har eg sett dei aller første vårtegna. Fine gåsungar på doggpilen (Salix daphnoides) og ein skimt av gult i knoppane på japantrollhasselen (Hamamelis japonica). Det går rette vegen!


fredag 8. mars 2013

Bustadfelt for sporv

Dette bustadfeltet heng på baksida av ein garasje i Botanisk hage på Tøyen, og skal visstnok vere eit lite forskningsprosjekt for ein av biologane som jobber der. Eg skal prøve å finne ut meir om feltet, bl.a. om det er like stor kamp om leiligheitane her som i resten av Oslo, og om sporven møter på visning for vurdering av reirplass....



søndag 24. februar 2013

Iris Iberica var lycotis

Så hyggeleg med mange tilbakemeldingar om at de likte x-faktor bidraget mitt! Og no har irisen også fått eit namn, nemleg Iris Iberica var lycotis. Så her er eit oppfølgingsbilde som viser heile planta. Irisen står faktisk ute, men under tak. Legg merke til den flotte kontrasten mellom grågrøne blad og mørk blomst. Ein praktfull iris!