lørdag 18. juli 2015

Insekthotell, blomstereng og Olivias rose

Eg har kjøpt insekthotell! Rett nok litt seint i sesongen til at eg kan få mange gjester, men i alle fall er hotellet svært dekorativt. Eg har til og med lagt inn små klumper av leire mellom pinnane slik at eventuelle murerbier har noke å bygge med. Bildet viser også at ampeltomatane mine har teke til å få rette fargen. Så er det eit bilde frå ei offentleg blomstereng her i strøket.  Og det berre eit bittelite utdrag av enga. Gjett om humlene boltra seg i raudkløveren! Kort sagt eit humleparadis. Til slutt Olivias rose, ei rotekte "prestegardrose". Olivia var barndomsveninne av mor mi, og gav henne rosa i presang ca. 1925. Kjekt å tenke på idag når stikling frå den gamle rosa står i praktfullt flor i min hage.




tirsdag 14. juli 2015

Det summer og surrer i hagen!

Nokre varme dagar har gjort susen! Det kryr av humler og villbier i hagen, og eg må oppdatere listene mine over favorittplantene dei har. Stadig noke å gruble over: Eg har to sorter gule revebjeller i hagen, ei med vanleg størrelse på blomsten og den andre med små blomster. Og humlene er berre interessert i den minste revebjella, og dei skjønar ikkje at dei er for tjukke til å kome inn. Merkeleg. Bilda er av dei tre favorittplantene til dei små flittige akkurat no: Honningurt, agurkurt og kornvalmue.




torsdag 2. juli 2015

Iris i hagen

No blomstrar iris og sibiriris i hagen! Eg har ikkje så mange sortane i hagen, men dei eg har er av det trufaste slaget og kjem igjen år etter år. Hageris-slekta har på grunn av alle fargevariasjonane på blomstrane fått namnet etter himmelgudinna Iris. Ho brukte nemleg regnbogen som reiserute...