fredag 30. juli 2010

Beckham og Backhouse


Ei nydeleg lilje som står i hagen til naboen min. Naboen er med rette stolt av planta si, og kriger mot liljebiller og alt anna gruff. Men så var det namnet. Eg må medgi at både eg og naboen er i den alderen at plantenamn - og andre namn - ikkje kjem fram på første oppkalling. Sist vi beundra lilja gjekk samtalen omlag slik: "Husker du namnet? Neiiiii. Var det ikkje noke liknande namnet til han engelske fotballspelaren, han med Spice Girl dama? Meiner du David Beckham? Nei, det var ikkje Beckham. Backhouse var det! Mrs. R. O. Backhouse!!!" Så det gjeld å finne ein liten huskeomveg...

torsdag 29. juli 2010

Kvit rips og kaprifol


I hagen har eg ein kvit rips som veks saman med ein kaprifol. Den kvite ripsen er ikkje så sur som den raude typen, så den kvite kan etast direkte frå busken. I fjor laga eg gelé av kvit rips, men det smaka feil etter mi meining. Når eg ser på ripsbildet no, så gir det meg minningar om ein varm soldag i Verona. Vi sat på ein utekafé der taket var vinranker med drueklaser....

tirsdag 20. juli 2010

Snigel av ymse slag


Jada, eg har diverse slag sniglar i hagen: Iberia, Boa, små grå med og utan hus. Det vart sagt så optimistisk i vår at etter den kalde vinteren så ville snigelplagen vere sterkt redusert. Ånei da, det var nok ikkje så vel. Men eg må medgi at når eg får rapporter frå Vestlandet om snigelplagen der, så har eg ikkje mykje å klage over. Kanskje mindre snigelplage skyldes tilrettelegging for trast i hagen, med stadig etterfylt fuglebad og ikkje eit bebreidande ord om manko i ripsen min. Kort sagt, eg stoler på at trasten et nokre snigelbarn og. I nabolaget mitt bor John. Han har vore ille plaga med iberiasnigel i hagen. Her ein dag kom han og fortalde at no var plagen sterkt redusert. Og grunnen til reduksjonen bodde under terrassen til nærmeste naboen hans. Ein grevling! Så kanskje tilrettelegging for grevling i hagen vert det neste.... Bildet er av ein vinbergsnigel og er ikkje arrangert. Vi har ein liten bestand i skogen attmed det lokale busstoppet vårt og heldigvis berre der! Altså snigel med det store matkuppet, eller kanskje han ville sjå på utsikta?

lørdag 17. juli 2010

Astrantia - stjerneskjerm. Ikkje berre "Grå dame"




Eg har alltid hatt stjerneskjerm i hagen. Det er ein robust staude som overlever alt, og som eg set stor pris på. Det er vakre blomster som varer lenge, og er fine i buketter saman med andre. Planten er svært flink til å finne ein ledig plass i hagejungelen min, og sår frøa sine overalt. I sprekkane i steintrappa har eg ikkje ugras, men mengder av stjerneskjermbarn.... Eg har høyrt at i deler av landet vart stor stjerneskjerm tidlegare kalla "Grå dame". Kanskje "Grå panter" hadde vore meir treffande? I hagen har eg og sorten "Lars", og i tillegg to andre som eg ikkje veit namn på. Eg har sett som snittblomst ein stjerneskjerm med blomsterhode 2 - 3 ganger større enn den vanlege stjerneskjermen. Noken der ute som kjenner til denne sorten?

onsdag 14. juli 2010

Jordbær marinert i hylleblomstsaft


Eg las med stor interesse dei siste blogginnlegga om bruk av svarthyllblomster, og fann ut at det ville eg og prøve. Dessverre er ikkje svarthyll så vanleg her eg bor, men eg starta opp med å kartlegge nærområdet mitt. Til mi store glede fann eg tre store busker i utkanten av eit friområde. Buskene var i blomst, og då var det ikkje så vanskeleg å kjenne igjen svarthyllen. Blomster vart plukka, og enda opp på kjøkkenet mitt som gele og saft. Og så måtte eg prøve ut ei oppskrift frå boka "Vindu med basilikum" av Marguerite Walfridson: Del jordbær i skiver og legg dei i ei skål. Hell 1 dl konsentrert hylleblomstsaft over 1 1/2 l jordbærskiver. Bland inn strimler av sitronmelisseblad og mynte. La jordbæra stå kjøleg nokre timar, men server dei temperert. Litt lettvispa krem, vaniljeis eller vaniljekesam er godt til. Ein fantastisk god sommerdessert!

tirsdag 13. juli 2010

Martagonliljer


Liljer har eg aldri fått til i hagen, ikkje eingong tigerliljer... Men martagonliljer har eg, takka vere naboen min. Dei frøsår seg i mengder under ripsbuskene på mi side av hagegjerdet. Og der vert det ikkje fjerna ugras! Så då er det berre å flytte småplantene videre når dei er store nok. Og slik ser martagonliljene ut i dag!

søndag 11. juli 2010

Vakre vegkanter i Valdres!







Påstand: Ingen stader er det så vakkert villblomsterflor som langs vegane i Valdres. Der har eg vore nokre dager no og nytt synet av blåklokker, geiterams, mjødurt, prestekrager og smørblomster for å nemne nokre få. Rett nok var der enkelte stader felt med lupiner, men eg kunne ikkje sjå at canadagullris har invadert friområda slik som her eg bor. Eg husker å ha lest om ei forening som heiter "Grøftekantens venner". Kanskje den eksisterer i beste velgående, då bør eg melde meg inn og slik støtte vern og tilrettelegging for ville blomster langs vegane våre. Det eine bildet er av brudespore - Gymnadenia conopsea . Ingen villblomst som har så utruleg god duft som brudespore! Kaprifol og nattfiol er og velduftande, men begge blir rangert etter brudespore av meg. Det andre bildet er av perlevintergrøn, ei lita plante med små, kvite blomster. Apropos Gymnadenia conopsea: Sigrid Undset skreiv ein roman som heiter "Gymnadenia". Kanskje det er på tide at eg les boka og finn ut kvifor den titlen vart valgt....

fredag 2. juli 2010

Prestegardsrosene mine




Mor mi kalla dei gamle rosene "prestegardsroser". Da eg flytta hit, så tok eg med meg rotskot heimanfrå. Eg har til og med grave opp og flytta rosene fleire ganger når eg sjøl var på flyttefot, og dei veks like bra! No står dei ut mot vegen, og dei overlever både salting, snøbrøyting, og streng kulde. Dei kjem trufast tilbake kvar einaste sommer, og vekker barndomsminner hos meg med dufta si. Klart eg er glad i dei! Og når det vert påpeika at dei ikkje er remonterande, så spør eg tilbake om det er eit krav at alle gleder skal vere langvarige....