fredag 20. april 2012

Vårtreff 3. juni i Botanisk hage på Tøyen

 Botanisk hages Venner er venneforeninga til Botanisk hage på Tøyen.  Vårtreffet er det store arrangementet til foreninga med mange aktiviteter den dagen.  Men først og fremst dreier det seg om salg av planter.  Plantegruppa i BhV starter opp allereie i februar med å så dei første frøa.  Og så går det slag i slag med prikling, ompotting, oppbinding av klatreplanter, osv. osv. Alt må vere klart til den store dagen! Her er nokre bilde frå aktiviteten akkurat no. Og engletrompeten er altfor tidleg ute! Nederste bildet viser små valmuesøstre. Så mange var der igjen etter at gruppa hadde prikla ut 280 stk.....

fredag 13. april 2012

Min finaste vårblomst - konkurranse frå Anne på Moseplassen

Eg kan ikkje heilt stå inne for at den raude julerosa er finaste vårblomsten min. Det er så vanskeleg å velge ein favoritt på denne tida, alt som dukkar opp av jorda eller sprett ut på greiner etter vinteren gjer meg jublande glad. Men i alle fall, juleroser er ein av kandidatane. Den raude kjem eit par veker etter den kvite, og ser ut for å tole nattefrosten litt bedre. Det einaste eg vil klage over er at ho er så nikkande at det er heilt umogeleg å ta eit skikkeleg bilde der ho står!

fredag 6. april 2012

Busker med gule blomster akkurat no

Dette er vårkornell, Cornus mas. Busken veks i nabohagen, er ca. 4 - 5 m høg, altså eit skikkeleg gammalt eksemplar. Med plassering i grensa mellom hagane våre har også eg stor glede av blomstringa. I år er busken dekka med sarte, lysegule blomster. Eit flott syn! Vårkornell er ikkje så vanleg i hagane her lenger, busken har tydelegvis gått av hagemote. Naboen har faktisk to busker, og det gjer at der kjem avlange, svartraude kirsebærstore frukter seinhaustes. Vi har prøvd å lage syltety, det vart med den eine gangen. Ikkje den store smaksopplevinga!



















Bilde 2 er hasselbror, Corylopsis platypetala. Busken står i Botanisk hage på Tøyen. I år er blomstringa praktfull! Bildet viser berre eit lite utsnitt. Eg veit ikkje så mykje om busken, men det skal visstnok ta mange år før den kjem i blomst, og så krev den nok plass! Blomstrane heng i akslignande klaser, tett i tett nedover greinene. Heilt nydeleg!
Så er det den gulblomstrande busken alle kjenner, gullbusk eller Forsythia. Og den er ikkje uvanleg i det heile! Her er busken brukt mykje både i private og offentlege plantingar. Fin til å ta inn til driving, blomstrar trufast år ut og år inn. Gullbusken kan vere rotete i veksten, men kva rolle spelar det når den byr på så flott blomsterprakt!

onsdag 4. april 2012

Fordelen med dårleg helleleggingsarbeid

Bedet til venstre er vårløkbedet mitt. Framfor er det steinheller med store sprekker, og no har løkblomstrane sørga for å frøså seg i sprekkane heilt utan hjelp. Og sprekkblomstringa vert flottare for kvart år som går! Der står vårpryd, snøklokker, scilla, gullstjerne, krokus, blå og rosa snøstjerner. Og så står dei så pent på rekke...

mandag 2. april 2012

Tid for å grave opp jordskokken

Endeleg er snøen heilt borte frå hagen og så lite tele i jorda at eg kan grave opp jordskokken. Det er så fantastisk, tenk grave opp fine og friske røter, klare til bruk! Mine jordskokkar ligner ikkje på dei eg ser i butikken, men meir på digre ingefærrøter. Så i går var det dags for jordskokksuppe. Med det same jordskokken kjem opp av jorda så er dei kvite og fine. Dersom eg ventar litt med bruken, så må dei skrellast. Her er kortversjon av suppeoppskrifta: Jordskokk i skiver brunast lett saman med løk og kvitløk. Kok i 15 minutt i ein blanding av lettmelk og vatn med ein grønnsakbuljongterning pluss litt persille dersom det er i hus. Mos blandinga med stavmikser, smak til med sitron. Og det er det!