søndag 30. januar 2011

Ny vri på fuglekassene i år?

For nokre år sidan var eg på ei utstilling av kunstnaren Sten Magne Klann. Her er bilde av plakaten frå utstillinga. Han stilte ut fotografi av forskjellige måtar å innreie fuglekasser på. Der var m.a. IKEA-varianten med Billy-hylle og ei kasse i meir konvensjonell stil med bilder av bestefar og bestemor kjøttmeis i ovale rammer på veggen. Det kom ikkje fram kva meisene syntest best om.... I tillegg hadde han webkamera montert i fuglekasser ute. Ei artig utstilling! Eg var der heilt tilfeldig på åpningsdagen og vart servert kvitvin og solsikkefrø.....

torsdag 20. januar 2011

Glasverandaminner

Dette er barndomsheimen min, eit hus med glasveranda. Om vinteren var der sprettkaldt på verandaen, dei enkle glasrutene var ofte delvis dekka med is. Men om sommeren laga mor til ein grøn oase der.  I februar i fjor vart eg nostalgisk, og kom på at dette året skulle eg dyrke frå frø same klatreplantene som mor hadde på glasverandaen. Vestlandssommeren er som kjent ustabil, og mor fann det nok tryggast å ha plantene inne. Eg sådde klokkeranke, ipomea og tropevindel. Resultatet vart flott, bortsett frå problem med å floke opp ipomeaen før eg fekk plantene ut i det fri!


Klokkeranke - Cobaea scandens
Tropevindel - Thunbergia alata

fredag 14. januar 2011

Også store fuglar treng mating i vinterkulda!

Her hos oss har både dei små vatna i nabolaget og rolege strøk av elva frose til, og stokkendene er borte. Denne flokken med ender, måser og ei svane heldt til i sjøkanten, men isen kryp utover, og det må vere vanskeleg for desse fuglane å skaffe seg nok mat no i vinterkulden. Døgnet har ikkje så mange lyse timar fuglane kan bruke på matsanking. Ta gjerne med brød og kornprodukter til foring, både stokkender og andre vassfuglar treng ekstra mat for å kome gjennom ein streng vinter. Så får vi glede av dei til våren!

torsdag 13. januar 2011

Mitt bidrag til Frøken Frost 2010



Anne på Moseplassen har lyst ut ny konkurranse, denne gangen med frost og snø som tema. Vil du vite meir om konkurransen og eventuelt delta, så klikk på bildet for å finne linken. Mitt bidrag har eg kalla "Kjæresteparet Frost".  Dei er midt på bildet, omgitt av venner.... Sjå kor vakkert dei lener seg mot kvarandre!

søndag 9. januar 2011

Julekrans frå Down Under

Denne julekransen heng på døra til John og Kirsten. John voks opp utanfor Melbourne, og kva er då meir naturleg enn å ha ein julekrans med tørka planter frå Australia? Kransen vore med på mange julefeiringar, og er etterkvart litt medteken og falma... Men eg synest den er flott og eksotisk!

søndag 2. januar 2011

Nyttårshelsing med misteltein

Eg har no bak meg det første året som hageblogger. Og det har vore ein stor, positiv oppleving! Både det å kunne formidle min eigen hage- og planteglede samt  lese alle blogginnlegga! Takk til alle der ute for morosame, lærerike og flotte innlegg! Eg har hatt så mange hyggelege stunder med hagebloggane ute på nett! Nyttårsforsett er at eg skal verte flinkare til å legge igjen kommentarar på sidene eg er innom, samt svare dei som har lagt igjen kommentarar hos meg. Det har gledd meg stort, tenk, det er noken der ute som les meg! Tusen takk! Ettersom jula enno ikkje er over, legg eg ved eit bilde av misteltein. Og berre så det er sagt, det var ingen som kom og ville kysse meg medan eg sto der under mistelteinen og tok bilder.....