torsdag 13. desember 2012

Rudolf i trening til jul!

Neppe trening reinsdyra tenkte på, der dei sprang framfor bussen vår.  Bildet er frå turen vi hadde til Sylane i haust. Kollega Geir har teke bildet, han var kjappast til beins og sikra seg beste fotoplassen framme i bussen.


torsdag 22. november 2012

Julemarked laurdag 24. november i Botanisk hage på Tøyen

Julemarkedet i Botanisk hage er ikkje av dei største, men seljarane der dekker eit stort  utval av heimelaga produkt. Det kan vere alt frå strikk, veving, trevarer, smykker, diverse på glas, honning, bakevarer, kort sagt mange flotte og vellaga ting. I tillegg kan ein kombinere markedet med ein spasertur i hagen eller glede seg over eksotiske planter i veksthusa.
Her er eit bilde av dei fantastiske tulipanane vi kunne nyte synet av i Botanisk hage i vår. Er det ikkje ei fin oppmuntring no i november mørket?


fredag 9. november 2012

I siste liten, og for seint ute

Snøen har lagt seg og delvis blitt borte igjen, trea har mista blada, det er vinter i hagen.  Men før det siste snøfallet, rakk eg å flytte ei lita valmuesøster,  Meconopsis quintuplinervia, frå barnebedet til eit nyetablert staudebed. Eg har gjort forsøk på flytting før, og det har ikkje gått bra. Nesten så eg får tanker om eit trassig vakse barn som ikkje vil flytte heimanfrå:  Får eg ikkje vere der eg vil, kan det vere det same med alt.... Men no vart det flytting, og seinhaustes kom der ein blomst! Veit ikkje heilt korleis eg skal tolke han.




Og i den første snøen dukka haustkrokrokusen opp. Altfor seint! Og eg som i vår hadde tenkt å flytte dei til ein lunare plass...

lørdag 13. oktober 2012

Haustblad - Mitt bidrag og Oddvar Torsheim sitt...

Anne på Moseplassen lyser ut ny konkurranse, denne gangen om haustblad. Eg fann fram eit bilde med fargerike blad frå ein svartsurbærbusk. Alle burde ha svartsurbær i hagen! Nydelege kvite blomster om våren, bær som kan  brukast til saft og gelé, og seinhaustes står busken der med flotte haustfarger i raudt og gult. Kan ein ønske seg meir av ein busk?


Så var det Oddvar Torsheim. Han er ein kunstnar som eg set stor pris på, i kunsten sin viser han originale innfall, frodigheit og humor. Dette er plakaten han teikna til Haustutstillinga for mange år sidan. Plakaten har fulgt meg rundt på mange kontor, og fortsatt morer eg meg over streken hans...



søndag 7. oktober 2012

Tur til Ciechocinek, kurbadby i Polen

Ciechocinek er kjent for dei varme saltkjeldene sine, og vart etablert som kurbadstad i 1830. Byen ligg ca 180 km sør for Gdansk. Her har eg hatt nokre fine dagar med dagtemperatur opp til 23 grader. Ekstra bonus! Der var fine parkar og blomsteranlegg, fortsatt med flott blomsterflor.


Dette er blomsterklokka.


Her er kalenderen. Nederste rad viser 26.09, og datoen vart endra kva dag. Legg merke til fontena med saltvatn i bakgrunnen. Bybuarane gjekk sakte rundt fontena, eller sat på benkane der for å få med seg den helsesame effekten av å vere i nærleiken av saltvatnet.

The Black Swan!

torsdag 20. september 2012

Hadde eg lyst på sjokolade?

Eg bestilte på seinvinteren frø frå Gøteborg Botaniske hage. Her er nokre av plantene eg fekk fram. Men eg stussar over fargane! Sat eg med bestillingsskjemaet og tenkte på kor godt det hadde smaka med ein sjokolade? Utvalget kan tyde på det...
Dolichos lab-lab 'Ruby Moon' hjälmbøna
Ein flott klatreplante! Dessverre likte den ikkje kald og våt sommar, og var lett utriveleg. Eg tok planta inn for å hjelpe på trivselen, men det var også med inn ein koloni med bladlus så då bar det rett ut igjen.

Solenostemon scutellaroides 'Chocolate Mint' palettblad
 Ingen tvil! Sjokolade!

Scabiosa atropurpurea 'Black Knight' praktvädd


Nydeleg plante. Kom seint i blomstring, men står fint no i hausthagen.

Salpiglossis sinuata 'Royale Chocolate' trumpetblomma

Legg merke til dei lysegrøne flekkane på blomsten. Eg trudde først det var ein invasjon av kjempestore bladlus! Også her er det sjokolade i namnet...

lørdag 15. september 2012

Kyss-meg-over-gjerdet flørter med naboen!

Mine hausthagegleder no er digre og gule! Favoritten er kyss-meg-over-gjerdet. Eg synest det er eit flott namn på ein staseleg og storvokst staude, bedre enn det kjedelege namnet gjerdesolhatt (Rudbeckia lacinata). Og sjølsagt er planta plassert attmed gjerdet mot naboen, og gir han meir oppmersomheit enn eg får...Men der er andre digre og gule: Rusoløye (Heliopsis helianthoides) fyller ut ein ledig plass i ripshekken utan problem. Den siste gule kjempeplanta er jordskokken. Eg trudde at eg hadde kontroll på kvar jordskokken voks i hagen, men dei dukker opp både her og der. Og eg har ikkje hjerte til å rive opp planter som er til både pryd og nytte.
Kyss-meg-over-gjerdet

Rusoløye
Jordskokk

mandag 10. september 2012

Møte med snøen i Sylan

I år gjekk fjellturen til Sylan, og målet var å kome opp på toppen av Storsylen. Men Sylan møtte oss med snø, vind og skodde! Så eg ville aldeles ikkje prøve meg på toppen. Men om ikkje Sylan viste seg frå si beste side denne gangen, så er det eit område eg gjerne drar tilbake til.



onsdag 5. september 2012

Ikkje høyr på reven!

Det eg tenkte på var altså utsagnet til reven om rognebær. For så vidt har han rett, men det er verdt strevet å få tak i rognebæra. Det kan lagast så mangt av dei (til og med vin!), men for meg er det gelé som er det viktige produktet. Rognebær skal haustast etter første frostnatta heiter det, men da kan ofte trasten ha renska grundig. Så plukk heller litt tidleg og legg bæra i frysaren. Mor mi laga alltid rognebærgelé, og som barn var det mi oppgave å klatre i trea og plukke. Mor sto nedanfor, redd for at eg skulle dette ned, men samtidig med tilrop kvar dei finaste klasane hang... No har eg slutta med klatring i rognetre, heldigvis finns det små utgåver av dei...


lørdag 1. september 2012

Om mår og stikkelsbær

Bror min bor på Møre. Ifjor hadde han for første gang besøk i hagen av ein mår! Og grunnen til besøket var dei flotte stikkelsebæra som bror min dyrkar, dei var mat for mår... I går fekk eg e-post om at måren var tilbake, akkurat når stikkelsbæra er godt modne. Når bror min skriv om "stikkelsbæra dine" så var det altså trumfkortet han kom med for å få meg til å reise til Møre, trass i regn, storm og gråskodde. Han veit at stikkelsbær er det beste eg kan få.
Sitat frå e-post: "For 10 min. sia var måren her i år også og gnafsa i seg dei raude stikkelsbæra dina. Såg ut som han var mest interessert i dei halvgjæra bæra under treet. Blir ikkje overraska om eg snart ser han sjanglande mellom bærtrea".


fredag 24. august 2012

Klatreplanter i seinsommerhagen

Dagane har fått ein snev av haust i seg, men fortsatt er det blomstring i hagen. Særleg klatreplantene viser stor blomstringsglede enno. Og finns det noke meir takknemleg å dyrke fram enn blodbeger? Når planta først har klart babystadiet, så går det av seg sjøl. Eg er også svært glad i Asarina. Men eg klarer ikkje å skille Lophospermum og Maurandia. Bildet viser Lophospermum 'Winered' (at to av fire stiklingar frå det kjente frøfimaet viste seg å vere kvite er ei anna sak...). Eg har og  Maurandia 'Magic Dragon' og planta er for mitt auga heilt lik 'Winered'. Uansett - fine er dei!




onsdag 1. august 2012

Gul rose frå Island

Anne på Moseplassen inviterer oss til å vise rosebilder. Mitt valg er ei nydeleg gul rose som voks i den Botaniske hagen i Reykjavik. Der var eg no i ferien - eit ferieland som kan anbefales! (Men ikkje prøv å ride på islandshest utan rideøving - det gjorde eg! Det gjekk bra..) Om roser er vanleg å dyrke i  hagane på Island kan eg ikkje seie noke om.  I den Botaniske hagen var der i alle fall ei fin, lita avdeling med roser.

lørdag 28. juli 2012

Mangold

Eg kjøpte tidleg i sommar tre små mangoldplanter. At det skulle verte noke av dei hadde eg ikkje så stor tru på. Sommaren har ikkje vore den store, men vi slepp no å vatne ute.... Sneglane har ete opp koriander og persille, portulakk og basilikum nektar å vekse. Men mangoldplantene slo til! Dei er så dekorative der dei står i utkantene av eit bed. Frodige med flott fargekontrast mellom blad og stilkar. Ettersom dette er eit prøveprosjekt har eg tenkt å servere dei til testing i søndagsmiddagen, og har no vore ute på nettet og prøvd å finne ut korleis mangold skal brukast. Som spinat står det, og då vert det kanskje suppe eller stuing av blada. Stilkane er det delte meiningar om, noken seier dei er treete og smaken bitter, andre synest dei er OK. Kankje eg skal dra fram wok-gryta og prøve dei i ein grønnsakblanding?


fredag 20. juli 2012

Den botaniske hagen i Reykjavik


Primula vialii




Heldigvis fekk eg tid på Islandturen min til eit besøk i den botaniske hagen i Reykjavik. Sjølsagt fekk eg altfor kort tid der (!), men her er nokre bilder frå det eg rakk over. Dårleg med namn på det eg viser, men den tofarga primulaen er Primula vialii.

tirsdag 17. juli 2012

Villblomster på Island

Eg har nett kome heim frå ein ferietur på Island. Og tenk - der var sommaren! Fine dagar med sol og god temperatur, og fotturar i eit fantastisk terreng. Her er nokre villblomsterbilde. Og så måtte eg ta med eit fjellbildet for å syne fargane! Det er bilde av timian og ein slags gulmaure, kvitkløver, reinrose, chamerion latifolium, orkidé, og eit skogbilde.








lørdag 7. juli 2012

Levkøy - sommerblomst med nydeleg duft

I år har eg levkøyer i hagen for første gang. Dvs, dei er ikkje i hagen, men i krukker på utebordet. Det var nokre skrøpelege frøplanter eg fekk i foræring, så for å ha kontroll på dei fann eg ut at dei kunne like godt vere krukkeplanter. Den eine er gresk levkøy, og den andre er vel vanleg levkøy. Om kvelden spreier dei den nydelegaste duft rundt seg!  Så til neste år skal det dyrkast meir levkøyer i hagen.

tirsdag 3. juli 2012

Sibiriris i hagen




Ingen hage utan sibiriris! Er dei ikkje fine!

lørdag 30. juni 2012

Fin og frodig frøstjerne!














Heilt ifrå starten som hageentusiast har eg vore fasinert av frøstjerner. Og det er ikkje få frøposer eg har kjøpt inn forgjeves, kort sagt eg fekk aldri frøstjernene til å spire. Så ga eg opp, heilt til ifjor. Då fekk eg kjøpe ein tuslete liten plante, men med lapp om at det var av ein gamal og herdig sort. Og slik ser akeleiefrøstjerna ut no! Nydeleg bladverk og luftige blomster som står lenge.  Det er ikkje så ofte eg ser frøstjerner i hagane, dei har kanskje gått av mote? I dei gamle hagane var frøstjernene mykje brukt, og i forskjellige farger. Så - fram for frøstjerner!

onsdag 6. juni 2012

Kongen av Danmark


Eg har ikkje tenkt å skrive om monarkiet i Danmark, men om spansk kjørvel, Myrrhis odorata. For mange år sidan oppdaga eg ein bestand av planta i veigrøfta utanfor ein kjent herregard. Eg fantaserte om at den spanske kjørvelen kom opprinneleg frå ein flott urtehage, og det var etterkomarane som sto der i grøfta. Så ein kveld dro vi ut med spade for å grave opp eit eksemplar. Det tok tid, veigrøfter er som kjent fulle av stein! Men til slutt fekk vi opp ein rotbit som vart heimført i triumf.  Planta vaks til og har vore i hagen i alle år etterpå. Og så til overskrifta: Blada duftar så nydeleg av anis, og gir meg gode minner frå barndommen om dei brune, sekskanta dropsa med krone....

fredag 1. juni 2012

Vannlilje i hagen....

Eg ønsker meg vannlilje i hagen! Og så veit eg at der vil vere til salgs vannliljer på Vårtreffet til Botanisk hages Venner 3. juni.  Men kva hjelp er det når eg ikkje har dam i hagen? Ei mulegheit er å få mannen min til å gi avkall på den store blå plasttønna vi brukar til oppbevaring av redskap. Eller skal eg hale ned fra loftet den gamle vinballongen og få ein glasmeister til å sage av toppen? Kanskje det ikkje går an å dyrke vannlilje under så enkle forhold?  Da får eg nøye meg med å nyte dei ute i det fri!

tirsdag 29. mai 2012

Ramsløk - vakker og illeluktande

No blomstrar ramsløken i hagen! Og slik ein vakker og elegant blomst med det frodige bladverket!  Legg merke til at eg skreiv vakker før illeluktande.... Så ille er ikkje lukta forresten. Blada er eit ypperleg råstoff til pesto for dei med dristig smak.  Og dersom ein ikkje vil lage pesto, så er eit grønt bladdryss over salaten eller aromasmør ein fin måte å nytte planten på. Så har du ikkje ramsløk i hagen, gå ut i naturen og plukk! Husk berre på at liljekonvall kan vere lik i blada, ta alltid ein luktprøve...

onsdag 16. mai 2012

Løvetann - mitt favorittugras!


Det er noke med meg og løvetann. Eg synest det er ein fantastisk plante, så lysende skinande gul, struttande av kraft og optimisme... I tillegg har eg mine gode barndomsminner der eg  laga lange lenker av løvetannstilkar med klissete fingrar. Mor mi visste at løvetannblad kunne brukast som salat, men det vart aldri utprøvd i heimen. I vaksen alder har eg lært at blada må bleikast for å få bort bittersmaken, dvs eg har også lest at det ikkje nyttar, ein bitter løvetann forblir ein bitter løvetann. Sjøl fekk eg ein salatløvetann av ei veninne. Det var ein skikkeleg broilerløvetann som kom opp med ein kjempeblomst! Den tok eg bort, tenk om den sette frø! Det viste seg at salatløvetanna var for tander for norsk klima og forsvann første vinteren.  Løvetannblomst - berre det gule - er fint til å produsere gelé av. Og skikkeleg laga løvetannvin kan vere utruleg god! Her er ei oppskrift på saft frå Inger-Lise Østmo: 1 l løvetannblomst uten det grøne, 1 l vatn, 1 kg sukker, 1 pose sitronsyre 25 g. Legg blomster, sukker og sitronsyre i plast- eller stålkjele, hell kokende vatn over og la trekke 3 - 5 dager. Sil fra og bland med vatn etter smak og behag. Kan frysast.