søndag 25. mars 2012

Bombus!

Eit sikkert vårtegn er at dei første humlene dukker opp og surrar rundt i hagen på leit etter mat og kanskje ein ny bustad. Og eg har dessverre ikkje så mykje å by på i matvegen akkurat no. Heldigvis, den kvite julerosa står i full blomst til glede for meg og humlene. Dernest er det det krokusen som er av humleinteresse, noke meir har eg ikkje å by på. Kanskje eg burde plante selje i hagen? Det er ikkje greit å vere åleinemor humle akkurat no. Mat skal skaffast, ny bustad må finnast og så i gang med storfamilie. Mitt bidrag er å ikkje fange humlene for artsbestemming på denne tid, dei skal sleppe stress!

fredag 23. mars 2012

Engletrompetbarn

Ifjor hadde eg engletrompet i hagen for første gang. Og det var eit lykketreff! Ein fantastisk plante med eit vell av blomster og nydeleg duft til stor glede for meg. Så eg fann ut at her måtte eg dele gleda med andre, og la i vei med avleggarproduksjon. Planta vart klipt ned i februar, og det resulterte i fem pinnar. Og tenk, fire av dei sette røter. Så no gjeld det å passe godt på og få dei over barnestadiet. Eg skjønar godt dei som vert hekta på dyrking av engletrompet. Skulle gjerne hatt mange sortar, men så var det den vinterlagringa...



Bilde av morplanten teke i september i fjor. For den som lurer på kva det er for ein klatreplante i bakgrunnen med blå blomster: Asarina