fredag 24. oktober 2014

Grønkålchips

Som mangeårig grønkåldyrkar trudde eg at eg hadde oversikt over alle bruksområda til grønkål. Men neida, ein lærer stadig nytt. Å lage grønkålchips lærte eg av ung datter. Ho og veninnene hennar prøvde til og med å lage chips av skvallerkål!!! Og her er oppskrifta sånn omtrent: Vask grønkålen, tørk blada og riv dei frå den grove stengelen. Del opp i mindre bitar. Eit greit utgangspunkt til mengde er at bitane lagt ut over eit steikebrett ikkje skal dekke kvarandre. Ha ei ss god olje i ein bolle, tilset ørlite salt og eventuelt krydder du likar. Eg brukte chilipulver... Så har du grønkålen opp i oljen og knar godt slik at oljen vert jamt fordelt. Legg grønkålbitane på eit steikebrett med bakepapir i steikeomn på 100 grader og gjerne varmluft. Bitane er tørre og sprø etter ca. 20 minutt. Eit godt alternativ til den vanlege chipsen!



torsdag 16. oktober 2014

Den aller første hageboka eller "Hvorfor bør du ha en hage?"

Denne boka var med på å vekke hageinteressa mi! Den som las forrige innlegg skjønar no kvifor eg som barn var så ivrig på å dyrke graskar. Kunne jenta på bildet dyrke digre graskar så måtte vel eg og klare det... Elles så las i eg på nytt forordet i boka, og det slo meg at svaret på kvifor en skal ha ein hage er like aktuelt:

"Jo, fordi det du avler i hagen, er sunn og god mat. Folk blir friskere og sterkere når de spiser grønsaker, frukt og bær hver dag i tillegg til den andre kosten, og fordi hagearbeidet og utvikler kroppen og gir styrke til kropp og sjel.
Til det kommer at hagesakene gjør maten drygere. Kostholdet kan derfor bli billigere, særlig når en dyrker dem i eien hage.
Og en ting til: Heimen vår blir hyggeligere og vakrere når det fins en hageflekk ved stua.
Aller minst må du glømme at dersom du steller hagen din godt, så er du også med og dyrker landet jord og gjør landet vårt rikere og lykkeligere. Ved å gjøre mye ut av hagen din kan du vise at du er glad i Norge".



fredag 10. oktober 2014

Eit velvakse graskar!

Graskaret er ikkje dyrka fram i min hage, men på komposthaugen i Botanisk hage på Tøyen. Eg har alltid vore fasinert av graskar og dyrka dei ivrig med vekslande resultat i barndommen min. Seinare vart det meir dyrking av squash ettersom det er ein grønnsak eg finn  meir brukeleg til mat. Her er ein link som fortel meir om graskaret på bildet. Legg merke til fyrstikkeska eg har sett på toppen!


fredag 3. oktober 2014

Engletrompet og pelargonia i sesonginnspurt

For ein fantastisk sommar - og haust! No skriv vi oktober og fortsatt er der blomster i hagen. Engletrompeten har siste blomstringa no, snart skal han i hus for vinterlagring. Eg klipper ikkje ned før til våren, mest for å ha stiklingpinnar til å gi bort. Flott haustfarge på blåbærbusken min! Ingen blåbær til meg i år dessverre, trasten var ivrig og hausta før eg fekk snudd meg... Pelargoniane har ikkje avslutta sesongen ennå, fortsatt kan eg glede meg over blomsterprakta deira!