torsdag 21. april 2011

Juleroser - eller er påskeroser bedre namn?

Endeleg står julerosene i blomst hos meg! Kald vinter gjer at dei ligg langt etter skjemaet. Men no er dei endeleg her.  Og både eg og humlene gled oss over dei. Kanskje det er passende tid til å lese Selma Lagerløfs fortelling "Legenden om jule-
rosene"? 

For ein del år tilbake var eg tidleg i mai høgt til fjells i Hellas. Kaldt var det, og på ei slette nedanfor vegen la eg merke til mengder av grøne vekster. Det måtte sjølsagt sjekkast opp kva det var, og det viste seg å vere juleroser!

onsdag 20. april 2011

Vårkornell - eit vakkert vårtegn

Eg er så heldig at naboen min har ein diger vårkornell i grensa mellom hagane våre. Busken er gamal og må vere henimot 5 m høg. I år er det sein blomstring på grunn av den kalde vinteren, først no står vårkornellen der med mengder av små, lysegule blomster. Det passa bra at blomstringa kom til påske! I gode år kjem der mørkeraude steinfrukter seinhaustes, og eit år ville vi finne ut korleis syltety av bæra smaka. Steinen i bæra sit fast i fruktkjøtet, så vi måtte presse bærmassen gjennom ei grov sikt. Altså ein del arbeid.  Og smaken? Greit nok, men den store smaksopplevinga var det ikkje. Så no får trasten ha bæra i fred.

fredag 15. april 2011

Med vår i namnet

No er det ingen tvil, våren er her. Krokus, snøklokker og scilla dukker opp, og julerosene står klar med mengder av knopper. Her ein dag fekk eg i presang ein klump med våriris. Gjevaren hadde altfor mange (!), hos henne formerte våririsen seg til og med i plenen! Noken er heldige.... Eg måtte nyte våririsen inne på bordet ei stund før eg grov dei ned på beste vekseplassen i hagen.
 
I år har eg lagt merke til vårtidløs. Eg har aldri hatt tidløs i hagen, mest fordi løkane er ganske dyre i innkjøp og eg meinte å vite at dei berre blomstra om hausten. Her er altså vårtidløs. Og ivrig oppteken av vårtidløsblomstrane såg eg vårens første neslesommerfugl.  Ein lett medteken stakkar, noken hadde teke ein liten jafs av begge vengene!

lørdag 9. april 2011

Humleholk

Det var kanskje ikkje så mange andre som hadde humleholk på ønskelista si sist jul? Det hadde eg, og for å vere sikker på at ønsket vart oppfyllt, så oppga eg linken til  Naturskyddsføreningen der humleholker kunne kjøpast. Eg er glad i humler, eg synest det er trivelege og nyttige insekt, og  prøver derfor å legge til rette i  hagen min slik at han er attraktiv for humler.  No på denne tid brukar humledronningane å dukke opp. Dei  har travle tider framfor seg, dei skal finne mat, ny plass til bostad og etablere seg med storfamilie. Så derfor vil eg gjerne hjelpe humledronninga med bustad. Bildet er av ein humleholk for jordhumler. Holken skal gravast ned, innkrypingsrøret er 40 cm (!) langt. Håper svenskane har kontroll på konstruksjonen sin ...

søndag 3. april 2011

Den store overraskinga idag - blomster på porselensblomsten!

Utvalet av inneplanter hos meg er svært lite. Men eg har fleire porselensblomster, og då den vanlege Hoya carnosa. Eg er glad i porselensblomstrane mine, dei dufter godt og er ikkje så altfor kravstore når det gjeld stell. For mange år sidan kjøpte eg ein stikling hos Norsk Hoyaforening, sortnamnet er sjølsagt borte for lenge sidan. Her vart det problem for meg med stellet, og det tok mange år før stiklingen ville vekse. Når den då endeleg tok av, så var det med lange greiner i alle retningar, men ikkje antydning til blomster. Eg var inne på tanken om å degradere den til kontorplante, og omsorgen vart deretter.  Men idag, då eg skulle spandere ein skvett vatn, der overrasker porselensblomsten med blomster og mange knopper! Forstå det den som kan ....

fredag 1. april 2011

Årets siste snøfall?

Det er å håpe at snøfallet frå i går ikkje vert liggande. Snøen hadde faktisk begynnt å trekke seg vekk frå husveggen, og der dukka det opp krokus, tulipanspirer og julerose med store knopper. Eg har fleire juleroser, men favoritten er den med heilt kvite blomster. Eg streva i mange år før eg fekk trivsel på julerosa mi og fann rette plassen i hagen til ho. No har eg imidlertid småplanter både her og der, det er sikkert mauren som transporterer frø til andre stader i hagen.

















Noken har laga anklagende spor i snøen som påminning at foringa på fuglebrettet må halde fram!