torsdag 24. mars 2011

No blomstrer japantrollhasselen!

Japantrollhasselen på bildet veks i Botanisk hage på Tøyen. Kvart år prøver eg å få med meg blomstringa, det er for meg slutten på vinteren. Idag traska eg gjennom restane av blaut snø bort til busken for å sjekke om noke omsider var på gang. Og der sto busken med mengder av gule blomster. Våren er her!

fredag 18. mars 2011

Lite håp for krokusenga i år ....

Eg har fått to bilder frå slekta på Vestlandet. Saman med bildet av hjortane kom ein forespørsel kva eg visste om tiltak for å halde hjorten  borte frå hagen. Konklusjonen etter å ha lese gjennom diverse gode råd, er at høgt gjerde rundt hagen må vere det einaste som hjelper. Men det er flotte dyr! Meir skal eg vel ikkje seie, eg som slepp å dele hage med elg, hjort og rådyr.

I tillegg kom eit nydeleg snøklokke- bilde.
Våren nærmer seg! Vi gled oss!

torsdag 10. mars 2011

Hostatur til Askøy

Det snør og snør, våren ser ut til å vere langt unna.  For å halde oppe trua på våren, har eg idag rydda i hagepapir.  I papir-
bunken dukka til mi store glede opp ei liste over Hosta  kjøpt hos Eides stauder på Askøy for mange år sidan. Hostaplantene står vakkert i hagen, men namnelappane er borte for mange år sidan. Vi var på ferie ikkje så langt unna Askøy, og eg foreslo ein dag at vi kunne dra til gartneriet og handle. For å gjere ei langt historie kort: Det var mykje lenger å køyre enn eg hadde trudd, vi køyrde feil, og kom endeleg fram til gartneriet like før stengetid. Og der sto eg og skulle plukke ut planter på ein liten halvtime, i staden for 2 timar som eg elles glatt ville ha brukt. Planter vart valgt ut i full fart, og så var det betalinga. Men Eides stauder hadde den gang ingen kortlesar, og eg hadde ikkje nok kontanter. Heldigvis vart eg trudd på forsikring om at innbetaling skulle ordnast, så eg fekk ein giro i handa og kunne dra heim med plantene. Her er handlelista:
Hosta 'Colour Glory'
Hosta tokudama 'Flavocircinalis'
Hosta 'On stage'
Hosta 'June'
Hosta 'Fire & Ice'

torsdag 3. mars 2011

Velkommen til visning!

"Attraktiv og flott bolig med moderne standard gratis til leige! Hyggeleg utsyn, felles solrik hage..." Det er ikkje måte på kor eg kan reklamere for fuglekassa mi. Det er mange år sidan kassa vart kjøpt og montert. Laga i resirkulert plast, luftehol oppe og nede, innvendig trapp så dei små fuglebarn kjem seg enkelt ut, avrunda tak som gjer det problematisk for katt og skjor, kort sagt heilt perfekt fuglekasse. Og ikkje ein fugl har vore interessert! Eg har flytta kassa opp og ned i piletreet vårt, snudd ho fra aust til vest, frå sør til nord utan at noke har nytta. Så no er det året for siste forsøk!