torsdag 30. juni 2011

Eit vanskeleg valg - dei tre finaste plantene i hagen no

Ikkje enkelt å velge ut berre tre!  Men her er dei:

Peonen er gamal og var i hagen då vi flytta hit.  Eg har ikkje noke namn på han, men det er kanskje det som kallast bondepeon?  Peonar likar ikkje å verte flytta på seiast det, eg gjorde det likevel for eitt par år sidan trass i alle åtvaringar, og det ser ut for at den gamle peonen hadde godt av flyttinga.


Stjerneskjerm! Nydelege planter som eg er så glad i! Denne har heller ikkje noke namn, men eg har fått han av min gode hagenabo Trude her nede i vegen, så eg kallar han ganske enkelt for Trudes stjerneskjerm.


Årets første blomster på engletrompeten min! Nyinnkjøpt av året, og då i ganske så miserabel stand. Heldigvis kom engletrompeten seg ganske fort, og står no med masse knoppar.  Om eg klarer å overvintre planten er ei anna sak.  Den tid, den sorg.... No gled eg meg over flotte, duftande blomster!

lørdag 25. juni 2011

Roser og rosegelé

Idag har eg laga rosegelé!  Og det har eg  ikkje laga av eigne roser, men av rynkerose, rosa rugosa.  Det er lett å finne forvilla rynkerose ute i det fri, busken  står til og med på svartelista over planter med uønska spreiing i norsk natur.  Så då kan eg nyte geléen min med ekstra godt samvit! Her er to bilder av prestegardsrosene mine som ikkje vart opp i gelé.....

søndag 19. juni 2011

Villblomstens dag

Idag var det villblomstens dag.  Og trass i plaskregn på morgenen, så drog eg ut tidleg til møteplassen for informasjon om status for villblomsten i nærmiljøet.  Der var det representanter frå Fylkesmannen, frå kommunen, og ein botaniker fra NHM på Tøyen. Eg har idag lært om forskjell på slåttemark og beitemark, kva som skjer med plantene når dyr beiter og gjødsler marka, skjøtsel av dei respektive verneområda her, bruk av slåmaskin kontra ljå,  og om tilskot frå Fylkesmannen dersom ein vil prøve å reetablere ei villblomsteng... Kort sagt ein spanande og lærerik dag. Interessant å lære om korleis alt heng saman i naturen!

 
Dette er solblom, Arnica montana.  Planta var dessverre ikkje i full blomst enno.  Tidlegare var solblom vanleg, men har gått sterkt tilbake over heile landet.  Idag lærte eg av botanikeren at hovedblomsten på planten var bonden, som  blomstra først.  Dei to knoppane under var drengane, og når dei også blomstra, ja då var det på tide å starte slåtten!


Her er grov nattfiol, Platanthera chlorantha, ein flott og høgreist orkidé. 

lørdag 18. juni 2011

Blomstring i kaoshagen

I hagen har eg mest blomster om våren og tidleg sommer.  Har ikkje fått til det med jevn fordeling av blomstring ut over heile sesongen, det er mykje innfallplanting hos meg.  I alle fall, her er nokre av plantene eg gled meg over akkurat no!

Hakeliljene sette eg til driving inne i mars.  Etter vel ein måned blomstra dei! Hyggeleg det, men det var no slett ikkje meininga.  Heldigvis kjem dei også med blomstring ute.  Blomsterstilken kjem ikkje frå midten av blada, men frå sida på løken. Rare greier.


Her er primula 'Green Lace'.  Uvanlege blomster, men planten er herdig og klarte seg gjennom den strenge vinteren utan problem.  I år må eg prøve å samle frø, det er mange som synest det er ein fin primula!









Eg skreiv ein gang at eg hadde valmuer og akeleier overalt i hagen.  Skulle også ha teke med dei gule revebjellene!













Her er sibiriris i ein nydeleg, lilla farge.  Legg merke til den gule blomsten på bildet.  Det er gul valmue- søster, og her jobber eg intenst for å rydde dei ut av hagen! Dei frør seg hemnings- laust, og til no har eg ikkje lykkast i å få dei bort.





Eg er glad i hageiris.  Dette er ein sort som det er ein del av i dei gamle hagane i strøket.

mandag 13. juni 2011

Gul rose, bestemorhage og ein begravelse

Bestemor mi hadde ein fin hage.  Dessverre var både ho og hagen borte før eg var fødd.  Mor og tantene mine hadde gode minner frå hagen, og særleg snakka dei om den gule rosa.  Rosa skulle vere så vakker, men ho var borte, og let seg ikkje lenger oppdrive.  Og ettersom åra gjekk, vart rosa sjølsagt finare og finare... Så for nokre år sidan var tantene mine i ein begravelse til eit søskenbarn.  Og som skikken er, vart dei invitert til etterpålag på heimegarden hans. Og der på garden sto den gule rosa i full blomst i hagen!  Spade vart henta og rotskot gravd opp.  Nyplantingane trivdes i hagane til tantene mine, og frå dei har alle hageinteresserte i slekta fått gul rose til minne om ei hageinteressert bestemor. Den gule rosa er den første rosa som blomstrer i hagen her hos meg, og eg synest det er fint å tenke på at vi er mange som deler både slekt og hagehistorie. La oss ta vare på dei gamle rosene!

fredag 10. juni 2011

Pinseminne med rhododendron og skitur på Folgefonna

For nokre år sidan var vi i pinsehelga på Vestlandet. Andre pinsedag køyrde vi opp frå Jondal til kanten av Folgefonna. (Vegen hamna på lista mi over "Vegar i Norge ein bør unngå"...). Vel oppe hadde vi ein flott skidag på fonna i strålande solskin.  Vi skulle heim same dag, så seinettermiddagen la vi i veg austover.  Eit stykke før Nordheimsund vart det stopp, for der låg Gimle planteskule.  Planteskulen var ikkje inngjerda, så det var berre å gå inn. Og der var det rhododendron! Flotte planter i nydelege farger! Vi hadde ikkje sett makan, og vi bestemte oss der og då at her måtte vi handle. Planteskulen var stengt, men eg ringde på døra til privathuset og spurde pent om vi fekk kjøpe.  Det ordna seg, og vi drog vidare i triumf med rhododendron 'Fantastica' og 'Goldkrone' i baksetet. Og dei har gledd oss med blomstring kvart år seinare, sjøl om vinteren her er litt tøff for 'Goldkrone'.

tirsdag 7. juni 2011

Blå søstre og anna blått i hagen

Eg må medgi at hagen min langt på veg styrer seg sjøl, skal eg kalle det plante- anarki?  Når akeleier og valmuer dukker opp overalt, ja, så lar eg dei stå.  Robuste planter som overlever sprengkald vinter og blomstrer like friskt, dei har gjort seg fortent til ein plass i hagen. Resultatet er lett kaotisk. Idag slo eg fast at det var stor overvekt av planter med blå blomster i hagen. Og det er heilt flott!

Her er forglemmegeisøster.  Eg fekk ein lita rot av ei gamal tante for mange år sidan. Ein robust og flott staude med nydeleg blåfarge på blomsten.


Spaniablåstjerne? Her er eg ikkje sikker, men uansett så skulle eg gjerne hatt fleire av dei i hagen.  Dei spreier seg sakte, så det er gledeleg når dei dukker opp.










  

 Perleblomster er fine!
Blå valmuesøster er favoritt- stauden min! Eg har hatt planta i mange år, og ho kjem trufast tilbake kvar vår. Slikt vert ein glad av...

søndag 5. juni 2011

Tur til Ramme gård

Ramme gård ligg ein times bilkøyring herfrå.  Det er alltid ei fin oppleving å spasere i parken der og beundre tre, planter og skulpturer. Eg var der no på laurdag, i nydeleg sommarver. Det var også dagen for plantesalg, men der var eg nokså nøktern, ikkje kom eg heim med hverken magnolia, urtidstre eller diverse trillium. Men litt kjøpte eg, bl.a. haustanemona  'Harry Smith'. Medgir at eg fall litt for namnet .... Her er nokre bilder frå dagen.



Bilde frå dammen med skulptur.










Primula ved bekken


Gul magnolia-
knopp













Størrelsen er im-
ponerande!

fredag 3. juni 2011

Familieidyll i fugleverda

Eg går ofte forbi eit lite vatn, og der stoppar eg gjerne for å kike på fuglane.  På denne tid er det eit yrande fugleliv med ender, gjess og måsefuglar. Og her ein dag såg eg far og mor kanadagås med seks nydelege barn! Men foreldra viste med eit tydeleg kroppsspråk at dei ikkje likte at eg nærma meg familien, dei til og med freste! Det er ikkje alle foreldre som set pris på beundring av avkom....

torsdag 2. juni 2011

Bytreportrett - Raud hestekastanje


Eg legg alltid merke til offentlege og private plantingar i byen.  Det hender eg jublar over spenstige valg av planter og tre, og  idag vil eg presentere eit tre som eg synest er vakkert!  Det er raud heste- kastanje - aesculus x carnea. Det er ikkje så mange av dei på min kant av byen, men eit kjent forsikringsselselskap har planta ei rekke med raud hestekastanje mellom motorvegen og kontorbygningen. Og eg gled meg stort over trea i blomstringa! Den raude hestekastanjen på bilda står i eit plenområde i tilknytning til ei større rundkjøring.  Treet er mindre enn den vanlege hestekastanjen, og er heller ikkje så riktblomstrande. Men det  tek treet igjen med utruleg vakre blomster!