fredag 24. desember 2010

God jul til alle hagebloggere og blogglesarar



Så er det jul. Pinnekjøt og rabbe er på kok, og alt er klart til kvelden. Kvar jul  får vi ein bukett kristtorn frå slekta på Stord. Buketten kom denne jula og, men i år var det ikkje så enkelt å finne kristtorn med bær. Kulden kom tidleg, og svoltne fuglar hadde kristtornbær på menyen. Eg ønsker alle ei god og fredfull jul!

lørdag 18. desember 2010

Eføy - med blomster i november

For nokre år sidan hadde vi konfirmasjon i november måned. Slekta på Vestlandet spurde meg kva for grønt eg hadde tenkt å pynte borda med. Eg måtte medgi at eg hadde ikkje tenkt så langt, så slekta kom til dagen med ein berepose eføygreiner. Til store forundring for meg - som aldri hadde finstudert eføyen - var planta i blomst. Tenk, blomster i november! Seinare har eg lært at det er blomsterfluger og spyfluger som ordner opp med pollinering på denne årstida. Bæra på eføyen kjem i februar/mars og er mat for svartetrast og andre fuglar. Og så må eg ta med ein opplysning til om eføy,  aktuell i disse julebordstider:  Dei gamle romerane trudde at ein krans med eføygreiner rundt hovudet hjelpte mot tømmermenn og bakrus....

søndag 5. desember 2010

Peparkakehus

Her i heimen vert det ikkje baka dei sju slaga til jul. Men peparkaker og peparkakehus må vi ha! Og huset ser likedan ut kvart år, og skal pyntast på same måten. Det skal alltid vere eit kor på taket! Opp gjennom åra på reiser har eg sett etter peparkakeformer. Her er ein svensk elg i frå Nordiska Muséum i Stockholm, sauer frå ein sykkeltur på Gotland og Mummitroll innkjøpt på byferie i Helsinki. Det hender vi diskuterer om vi skal fornye oss med kakehuset. Vi har ein gang sett bilde av Schloss Neuschwanstein i peparkakedeig.....

lørdag 4. desember 2010

Hærverk på julekransen min!

For nokre dager sidan henta eg ned frå loftet dei heimelaga julekransane mine. Dei er laga av naturmaterialer, eg lager ein eller to kvart år. På den eine kransen var der noke lysegult eg ikkje kjendes ved. Etter å ha studert det gule ei stund, fann eg løysinga. Det var restane av tørka hagtornfrukter. Noken hadde ete opp  fruktkjøtet! Mus på loftet! Makan! Eg gjekk fluksens til innkjøp av musefella "Rapp". Men så tenkte eg meg om. Det er no snart jul, og musene må no ha eit stussleg tilvære på loftet vårt. Og kanskje dei allereie har flytta ut? I alle fall til over jul skal  fella vere umontert. Så får vi sjå....

fredag 3. desember 2010

Jostein og julekaktusen

Jostein er svogeren min og bur utanfor Bergen. Han steller vel med sine planter både ute og inne. Eit unntak var i mange år julekaktusen. Jostein fekk ikkje noke orden på kaktusen, ikkje ville den blomstre, og veksten var kort sagt stygg. Noke måtte gjerast. Ein dag tok Jostein saksa og fasongklipte julekaktusen, ga han ein skvett vatn og sette så kaktusen i vinduskarmen. O under! Her er resultatet nokre veker seinere!

søndag 21. november 2010

Julemarked i Botanisk hage på Tøyen 27.11.10

Mange kjenner til Vårtreffet som Botanisk hages Venner arrangerer om våren.  BhV har og saman med NHM  eit julemarked med bl.a. salg av frø. Det er eit svært hyggeleg marked med fin førjulsstemning, og fleire aktiviteter for barn.  I år er det også juleplanteomvisning i Veksthusa. Sjå elles linken til Botanisk hages Venner oppe til høgre.

lørdag 20. november 2010

Påfyll med sol og varme

Vi har vore nokre dager i Egypt. I forkant var vi einige om at denne ferien skulle berre vere avslapping, sol og badeliv. Koffertane vart pakka med bøker, tidsskrift, gamle aviser, sudoku,  kryssord,  badeutstyr  og sommerkle. Og vi fekk det vi ønska oss, ein god solferie! Her er eit par blomsterbilder, særleg den gule busken var heilt praktfull! Eg såg mange linerler der vi budde, kanskje det var "våre" som hadde klart den lange flyturen sørover?

søndag 7. november 2010

Sporvehauken - også ein gjest på fuglebrettet...

Denne vesle rovfuglen har verkeleg fått med seg fordelane ved å bo i byen! Fuglebrett med småfuglar, stor bestand av skjorer, byduer og trast, eg skjønar godt at han flytter ut av skogen... Sporvehauken er ingen sjelden gjest her i hagen, og da særleg på vinteren. Ofte ser eg han sitje i toppen av eit tre eller ein stolpe, og da planlegg han sikkert neste angrep mot fuglebrettet: Skal det vere snittflyging rundt hushjørnet eller rett på? Bildet er teke gjennom vindauga. Eg sat i stolen innafor, og såg plutseleg at sporvehauken sat på støtterøret til rosestativet. Merkeleg nok var fotoapparatet i nærleiken. Dette er mitt bidrag til Frøken Hagegjest 2010. Klikk inn i bildet for å sjå fuglen bedre.

fredag 5. november 2010

Tranebær - ikkje berre for traner

Seinhaustes for nokre år sidan var vi tur i marka. På vegen tilbake ville mannen min  gå i skiløypa. Eg protesterte, meinte å hugse at løypa gjekk over nokre store myrar. Men han heldt på sitt, og ettersom eg hadde støvlar og han joggesko, så gav eg meg.  Så kom vi til myra, og der var det ikkje råd å komme over med joggesko. Men idet eg skulle seie "kva var det eg sa", såg eg ned for føtene mine. Og der var det tranebær! Nydelege mørkeraude, runde tranebær som låg så vakkert i kvitmosen. Så vi tok oss sakte rundt myrkanten og plukka alle tranebæra vi kunne finne. Heretter har eg kvar haust lagt ein tur innom myra for å sjå etter bær.  Eg bruker dei på same måten som tyttebær. Det går ikkje fort å plukke tranebær, som regel vert det berre nok til pynt på fat eller ein liten porsjon med rørte bær. Men eg synest det er det mest eksklusive ville bæret eg kan finne og plukker gjerne.  Så eit råd frå meg: På med støvlane og ut på myrane og leit etter tranebær! Apropos traner, det er ein fugl eg har til gode å sjå i norsk natur, men som eg svært gjerne skulle oppleve ein gang.

torsdag 28. oktober 2010

Humle - ein gamal kulturvekst

Humle er ikkje ein plante eg kjenner frå barndomen av. Ikkje voks den vill, og ikkje var humle planta i hagane på min heimestad. Humle har vore dyrka i Norge heilt tilbake til vikingtida, og hadde fleire bruksområder enn ølkrydder. Eg synest humle er ein fasinerande vekst med lang kulturhistorie, og i tillegg ein eksotisk klatreplante.  Det  må vel vere den planta som greier å strekke seg lengst i løpet av sommeren!   Men planen min om å sette humle attmed ein stolpe rett utanfor hagen vart nedstemt av mannen min. Han hadde humle i sin barndoms hage, og syntest slett ikkje om den!  Så her vart det ikkje planta, i staden får eg glede meg over å sjå humle andre stader. Humlebilda er frå turen til Berlin i september.

fredag 22. oktober 2010

Tankar om rogn og rognebær

I natt kom første snøen! Ikkje store mengder, og mesteparten er allereie borte. Og no sit eg her og lurer på sammenhengen mellom snø og rognebær. Eg har høyrt at når det er mykje bær så vert det lite snø - og det stikk motsatte har eg også sett! Men her er det ikkje rognebær i år, korleis vert det då med snø? Nok om det, men eg skulle gjerne funne nok bær til  eitt par glas med gelé. Rognebærgelé og sylta portulakk står øverst på lista mi av viktige heimeprodukt til vinteren. Kanskje eg skal ønske meg ein rogn i hagen til julegåve? Eit tre som har alt, fine blomster, fargerike og nyttige bær, flotte haustfarger på blada, og så kjem den nydelege sidensvansen og tar resten av bæra..... I mangel av rognebær så er det bilde av ein hagtorn. Her var det i alle fall nok frukt!

lørdag 16. oktober 2010

Blå innslag i det haustgule

I sommer renska eg svarthyllen for alle blomster det var mogeleg å nå i med rimeleg strev. Når eg no seinhaustes kom etter bær, så var dei sjølsagt høgt i toppen på buskene...  Då var det berre ein ting å gjere: Heim etter bil, mann og gardintrapp. Ein del hyllebær fekk vi tak i, og resultatet av haustinga vart nokre få glas med gelé. Og ein ting er sikkert, geléen er verkeleg god!
Det er framleis nydeleg haustver som må nytast.  På turen min idag kom eg forbi eit kratt med slåpetorn. Slåpetorn veks på strendene her, tørre bakker og ute på øyane. Slåpene har ein snerpete smak som minner om heggebær. Dei vert visstnok bedre på smaken etter nokre frostnetter. Sjøl har eg berre brukt slåpene til likør, og det var eit fortreffeleg produkt! 

torsdag 14. oktober 2010

Jordskokk - Grønnsak med mange bruksområde

For nokre år sidan fekk eg  knoller av jordskokk, og sidan har dei vore i hagen. Ein gang jordskokk, alltid jordskokk...I mange år levde jordskokken eit stillferdig liv under sibirkornellen, men så grov eg den opp igjen og planta på nytt. No har eg jordskokk både der den vart planta i år, der den sto ifjor og året før der igjen .... Eg  har  nettopp hausta  den største av jordskokkplantene (2,70 m!) der avlinga var ein liten berepose med røter. Seinhaustes får jordskokken gule blomster i toppen så det er ein plante  både til pryd og nytte. Røtene kan brukast til suppe, gratineres saman med tomat og løk, bakes i steikeomn på same måte som poteter, til puré blanda med andre grønnsaker eller rå i salat. Jordskokk inneheld inulin som er gunstig for blodsukkerbalansen. Altså ein mangfoldig plante. Men som med det meste, ein bakdel er det med jordskokken og: Særleg i rå tilstand kan den skape mykje rummel i magen ...

fredag 8. oktober 2010

Frøken Murpryd


Her er mitt bidrag til konkurransen Frøken Høstløv 2010! I går var det ein nydeleg haustdag her, og eg var ute og såg etter fotomotiv. Hadde i grunnen sett meg ut nokre busker med svartsurbær som hadde usannsynleg raude blad. Men så oppdaga eg denne villvinen som klatra nedover ein gråsteinmur. Eg har nok sans for det glorete, og samansettinga her av blad, stein og grøn mose gjorde valget enkelt.

tirsdag 5. oktober 2010

Langvarig glede frå eit lite frø



Eg har eit kornvalmuebed som sår seg sjøl kvart år. Fuglane likar frøa, og det er kanskje "sleppnebbete" meiser som gjer at det dukker opp kornvalmuer overalt i hagen. Ettersom eg synest at valmuer er sjarmerande blomster, så lar eg kornvalmuene stå der dei dukker opp. Her er ein valmue som fann seg plass i ein sprekk i steinlegginga framfor garasjen. Og slik som den har blomstra! Og ennå står den der i fullt flor - i oktober månad!

søndag 3. oktober 2010

"Ein ekte Dalasau eg var, sprang høgt til fjells med mor og far..."


Det er haust og fårikåltid. Her i heimen likar vi sauen både slik og sånn. Det er hyggeleg å treffe på sauer i fjellet og når sauen ender som mat på bordet så tenker eg han har hatt eit bra liv... Favorittmat hos oss: Fårikål, pinnekjøt, smalahove/saudehaud/sauehode - alt etter kven i familien som uttaler seg. Når vi serverer fårikål til gjester, då er det sermoni! Det skal syngast, (overskrifta er 1. verset frå ein av sauesongane våre), og gjerne taler med mimring om sauesanking seinhaustes. Mannen min tek fram barndomsminna der han vart skremt i møte med krøllhorna svartfjes. Eit år hadde eg sauelimerick-quiz, og bl.a. testa om gjestane våre hugsa når/kvar/kven som sa at sauer var ålreite dyr... Elles - Eg har vore ein gong på høgste fjelltoppen på bildet. Då lovde eg meg sjøl at eg skulle vere snill resten av livet dersom eg kom heil ned igjen. Ned kom eg, men lovnaden har nok ikkje alltid vore hugsa på....

torsdag 30. september 2010

Slik ein fin morgen!



Heilt klar blå himmel, lav sol og liten måneskalk! Vi har hatt nokre kalde netter i det siste, så dei fine haustfargane er framme. Det er så vakkert ute! Den lave haustsola skin gjennom blodbegerplanten min som klatrer på leddveden, og ennå er der blomster på klokkeranken. Godt med ein slik dag.

søndag 26. september 2010

Svartsurbær, til glede og nytte


Det hender eg sukker over plassmangel i hagen. Og med bedre plass hadde førstevalget av prydbusk vore svartsurbær, Aronia melancarpa. Om våren har busken mengder av kvite blomster, ut på hausten får blada ein vakker, raud-oransje farge. Seinhaustes vert dei svarte bæra mogne, og disse er interessante å gjere seg nytte av. Heldigvis for meg, så er her ein del offentlege plantingar med svartsurbær som eg hauster av. Det er enten meg eller trasten.... I svartsurbær finn vi fleire stoff som er bra for helsa, og særleg er bæra kjent for innhald av antioksidanter. Vi kan lage syltety, gelé og saft av bæra. Dei skal visstnok helst plukkast etter ei frostnatt, då skal smaken vere best. Her er ei kjappoppskrift på gelé: Kok nokre minutt 1600 gr renska bær og 2 dl vatn. Sil frå safta, eg fekk 8 dl. Kokte opp med litt sitronsaft, og 25 gr pektin. Tilset 5 dl sukker. Men både saftinnhald og naturleg pektin i bæra kan variere. Ein gang vart geléen min så stiv at han måtte etast med kniv og gaffel!

fredag 24. september 2010

Staudemarknad i Berlin


Marknaden varer i 2 dager, og der var salg av stauder, røtter, busker og vannplanter. Og heldigvis også av blomsterløk. Løk er det lov å ta med tilbake til Norge, så i løkbodene forsvant euroane mine fort! Elles var det å nyte planteprakt og folkeliv, og ta bilder av vekstane som frista mest - med etikett. Frø kan kanskje
skaffast...



Blå Hawai-rose



Vannlilje eg kunne kjøpe.



Ei av løkbodene.

Løk eg kjøpte:
Erythronium 'Pagoda'
Erythronium 'Lilac Wonder'
Erythronium 'Pink Perfection'
Erythronium 'White Beauty'
Muscari 'golden Fragrance'
Muscari aucheri 'Mount Hood'
Muscari 'Album'
Crocus spesiosus 'Conqueror'
Nectaroscordum siculum bulgaricum

torsdag 16. september 2010

Rosenmarmelade Mit Aronia og diverse anna etandes

I Berlin var eg på staudemarknaden. Marknaden vart arrangert i den botaniske hagen. Det var ei fantastisk oppleving for hage- og planteinteresserte! Og eg var ikkje åleine der, folk møtte opp med trillevogner for å frakte planteinnkjøpa sine heim.
I utlandet er eg alltid på jakt etter "grønt på glas", nye kryddervekster og grønnsaker. Her er nokre bilder av det eg fann:

Til venstre Rosenmarmelade Mit Aronia. Eg har ikkje smaka på den, venter på rette anledninga til det..
Glaset til høgre er tindvedgelé. For
nokre år sidan fekk vi ny sykkelveg i nabolaget, og i feltet mot bilvegen vart det planta tindved. Eit spenstig valg! Dessverre trivdes ikkje plantene noke særleg, og vart fjerna. Eg har kjøpt svensk tindvedgelé tidlegare, og har samla på etiketten. Der stod det nemleg: "Tilverkat av utvalda bær från Lappland. Solmogna under midnattsol i Europas siste vildmark" Så no veit vi det!

Produsenten av rosemarmeladen hadde til salgs denne rosa. Eg måtte berre ta med bildet, er den ikkje vakker? Dersom eg husker rett, heiter den "Nostalgie Tantau".

Staudetyttebær! Det var noke nytt for meg! Buskene med gule bær/frukter er tindved. I Tyskland er tindved mykje brukt, særleg på grunn av stort innhald med C-vitamin. Eg kjenner ikkje til bruk av tindved i Norge. Det må no vere eit problem å plukke bæra...

Og så var det avdeling for blomster som kan etast! Her var det stor trengsel, men eg klarte å alboge meg fram til ein kjeks med blomstersmør. Det smaka forresten ikkje noke særleg, mest smør...

Dette er mangold. Ein grønnsak eg ikkje kjenner til. Her var den brukt i eit blomsterbed, sikkert på grunn av ein fantasktiske farge på stilken. Kanskje eg kan prøve å dyrke mangold til neste år?

søndag 12. september 2010

Sakalin-beinved - Vinnaren av haustfargeprakt!


Sakalin-beinveden, Euonymus sachalinensis, veks i ein nabohage. På denne tid tar eg alltid ein omveg heim for å nyte synet av fargeprakta i denne hagen. Eg har busken som absolutt favoritt når det gjeld haustfarge! No står sakalin-beinveden der med lysande raude blad, og skarlagensraude frukter i lange tråder. Når kapselen åpner seg, er frøa oransje. Ein uvanleg fargekombinasjon, heilt praktfull!

lørdag 11. september 2010

Draumelandskap til ei prinsesse

Eg har vore nokre dager i Berlin, og nytta anledninga til å reise ut til slottet Oranienburg. I slottsparken der var det laga 17 hager, som skulle vise draumar, tanker og ideeer til prinsesse Louise Henriette. I hagane var det sjølsagt planter og busker, i tillegg også gjenstander. Hagane hadde tittel som: Glede, Kjærleik, Håp, Familie osv. Eg må medgi at eg ikkje alltid skjøna kva prinsessa hadde tenkt på... Her er nokre bilde frå hagane.



Dette er Liebe. Her var i mengder av roser og lavendel! Figuren i midten er lett å tolke, og dersom ein ser godt etter kan ein sjå at ved porten til hagen står ein figur aleine på kvar side.






Ein stabel kopper og mengder av knust blått glas omtales som Luxus....






Kanskje Traum?







Rose og riddersporer(?)







Vakker orkidé!







Lyngen som bodde i ein sko...

torsdag 26. august 2010

Stein og røsslyng



Idag såg eg på bilda fra ferien 2008. Då var vi vest i havet, i øyriket utanfor Florø. Ein fantastisk plass, ordet øyhopping fekk eit heilt anna innhald for meg. Dit skal eg reise tilbake ein gang! Her er røsslyng og konglomerat ved Kvanhovden fyr.

torsdag 19. august 2010

Sommerfuglar og sommerfuglbusk




Endeleg! I år fekk eg laga plass i hagen til ein sommerfuglbusk! Dette har vore ønsket mitt lenge, men eg har meint tidlegare at der var ikkje gode nok forhold i hagen min til ein slik busk. No skulle det prøvast ut i alle fall. Sommerfugbusken min har vore lett utriveleg i sommer, og noke/noken har laga store hol i blada. Der kom ikkje så mange blomster, og heller ingen sommerfuglar.... Så bilda av sommerfuglane er frå Botanisk hage på Tøyen. Der var dei i mengder!

tirsdag 17. august 2010

Bursdag og valmuebed

Eg har bursdag idag! I det høvet vil eg fortelle historia om bloggbildet mitt. For nokre år sidan hadde eg såkalla "rundt år". Mannen min spurde då kva eg ønska meg, diamanter eller eit bilde på veggen, det var ikkje måte på kva han kom opp med. "Nei takk", sa eg. "Eg ønsker meg berre ein ting, eit valmuebed 2 x 3 meter". Då bleikna mannen min, for det ville medføre innhogg i plenarealet. Størrelsen på plenen er vi ikkje samde om, eg meiner dyrking av gras er berre for dei som har kyr og sauer, og det vesle plenarealet vårt må kunne brukast til alt anna... Vel, nok om det. Mannen min er ganske grei, så han greip spaden og laga til valmuebedet mitt. Og der har eg sidan hatt raude kornvalmuer. Heilt frå den første turen min til Danmark så har valmuer fasinert meg. På reiser i utlandet samler eg alltid modne frø og sår ut i bedet mitt. Og stor glede har eg hatt av det i alle år etterpå!

onsdag 11. august 2010

Innkjøp av trøsteplante i regnveret



Her ein regnversdag kom eg forbi ei blomsterforretning, og der var ein plante som eg berre måtte ha! Aldri sett maken, og med så merkelege blomster. Det var akkurat det eg hadde bruk for i plaskregnet, meinte eg... Så no står den her inne, og veks så det er ein fryd å sjå. Så var det namnet: Ceropegia sandersoni.

tirsdag 10. august 2010

Tigerrose


Her er mitt bidrag til den store rosekonkurransen! For nokre år sidan vart det ein ledig plass i hagejungelen min, og eg bestemte da at der ville eg ha ei rose. Eg er svært glad i dei gamle prestegardsrosene mine, og valgde derfor Austinrosa "Mary Rose" som har mange av dei same kvalitetane som gammeldagse roser. "Mary Rose" har ikkje skuffa meg. Hardfør og sunn med nydeleg duft. Rosene er velfylte, bladverket vakkert og den er remonterande. Kva meir kan ein forlange av ei rose?

søndag 1. august 2010

Inspirert av Tolkien?


Dette kunstverket er i ein hage her i nabolaget. Her må kunstneren vore inspirert av Tolkien og triologien "Ringenes herre", og laga enten Treskjegg!