onsdag 25. mai 2011

Vårtreffet - med salg av tempeltre!

Søndag 29. mai arrangeres Vårtreffet i Botanisk hage på Tøyen.  Det er den store dagen til Botanisk hages Venner med sal av planter, gratis omvisningar i hagen, standplass for "grøne" foreningar, aktivitetar for barn og salg av is og vafler. På Vårtreffdagen brukar det å vere fullt opp av glade plantekjøparar og god stemning!   I år skal BhV m.a. selge tempeltre, engletrompetar, kanna, planter frå Oldemors hage, og elles mengder av flotte stauder, urter og sommarblomster. Det er ein triveleg dag for både planteinteresserte og andre. Følg linkane oppe til høgre dersom du vil lese meir om arrangementet.

onsdag 11. mai 2011

Skvalderkål blues

Det blomstrer og gror i hagen, og sjølsagt veks også det vi kallar ugras. Løvetann, skvallerkål, og åkervindel prøver å kjempe seg til ein plass i hagen min, og eg renskar dei vekk litt sånn halvhjerta. Her er eit dikt av den danske diktaren Benny Andersen som handlar om hage og ugras.  Og elles - skvallerkål egnar seg ypperleg til å koke suppe på!

Skvalderkål blues

At dyrke blomkål og kartofler
var et af mine store mål
og et bed med persille
det smager godt til stegte ål
men i min lillebitte have
gror det udelukkende skvalderkål

Jeg er en fredelig mand
syns at krig burde være forbudt
Jeg er en fredelig mand
ville ønske alle krige var slut
Ja jeg går ind for fred
så jeg foretrækker ukrudt frem for krudt

Jeg sprøjter ikke med gift
farer ikke frem med brand og bål
Jeg vil ha fred i min have
så nu dyrker jeg kun skvalderkål
Med et par kolde snapse til
kan den spises til de stegte ål - skål!

Men når min nabo ser min have
så udstøder han et skrål
At drøfte havebrug med ham
kræver nerver af rustfrit stål
Næst efter mig er det værste han ved
nemlig skvalderkål!

At skabe fred i min have
er stadig mit højeste mål
men når min nabo ter sig
som stukket af en indre nål
må jeg vel se at få gjort kål
på al min skvalderkål!

(S K Å L)

Benny Andersen

fredag 6. mai 2011

Blomstervandring på Kreta

Eg har nettopp kome tilbake frå ein vandretur på sørsida av Kreta. Der har eg gått i trange raviner, langs strendene, i kulturlandskap med store olivenlundar og overalt sett ein fantastisk blomsterprakt og  - for meg - ukjende, nye planter. No er det rette tida å dra til Kreta for den som likar blomster, om ikkje altfor lenge er landskapet tørt og avsvidd.

Den aller minste irisen eg har sett! Blomsten vert ikkje over 2 cm høg! Det eine bladet til irisen står ikkje heilt i samsvar med lengda på stilken ...Namnet er Gynandriris monophylla,












Dette er kvite anemoner. Dei blomstra i mengder akkurat no, og var utruleg vakre.














Her er gule strandvalmuer. Dei gjer seg verkeleg mot blått hav! Og badetemperaturen? Ganske frisk...










 





Tilslutt eit praktfullt grøftekantbilde. Og i bakgrunnen kan skimtast fjell med snøflekkar.