torsdag 21. november 2013

Julemarked i Botanisk hage på Tøyen

Laurdag 30. november frå 11.00 - 16.00 er det julemarked i Botanisk hage. Dette er eit lite utemarked, men kvaliteten og utvalet på varene er verkeleg bra! Her er ein link til BhVs webside som viser litt av utvalet. I tillegg er det eit barnevennleg marked der hesten frå KØBB tek barna med på køyretur i hagen, og i år skal det og vere sang og gang rundt det store juletreet. Vel, kanskje ikkje så mykje gang ettersom både "Jeg gikk meg over sjø og land" og "Så går vi rundt om en enebærbusk" står på repetoaret...Botanisk hages Venner skal selge rognebærgelé laga av rognebær frå Botanisk hage. Vi får tru dei smaker ekstra godt.



fredag 15. november 2013

Nesten kolibri...

Eg har alltid vore fasinert av sommerfuglar. For ein del år tilbake ville eg starte sommerfuglsamling, men der møtte eg veto i familien.  Familien sa at uansett kor kort liv sommerfuglar har så skulle det levast ut, og ikkje forkortast av meg. Med digitalt kamera har fotografering av sommerfuglar vorte enklare. Her er to sommerfuglbilder frå ferien i sommar. Den første sommerfuglen heldt til i eit blomsterbed i byen Szombathely i Ungarn, og det var då mannen min ropa: "Kolibri!". Inga dårleg samanligning forresten, sommerfuglen svirra i lufta og sugde nektar med lang snabel. Eg trur det må vere  dagsvermaren Macroglossum stellatarum. Den neste sommerfuglen var lett sliten, og sat på ein murkant rett bak Stephansdomen i Wien. Ifølge boka kan det vere Stor snabelsvermer, Deilephila elpenor. Og eg medgir idag at det kjennest bedre å ha sommerfuglar på foto enn på knappenåler....



torsdag 7. november 2013

Hage med pagodetre

Småhageeigarar gløymer ofte ved planting at tre blir store og treng plass. Det ser eg mykje av her eg bor, og det er så trist når flotte lønnetre, elegante bjørker og gamle bøkar blir fjerna. (Eg medgir at det er lauvtrea som er mine favoritter). Så tenk da min reaksjon her ein dag tidleg i september. Eg står på eit busstopp der eg sjeldan står og inne i hagen bak meg jobber to trearbeidarar. Bussen blir gløymt, eg styrter til porten og står der og signaliserer med heile mitt kroppspråk sterk misnøye. Den eine arbeidaren kjem bort, og eg ropar om dei verkeleg hadde tenkt å felle det praktfulle treet! Å neida var svaret, her skulle treet berre stellast og pleiast, for dette var eit pagodetre må vite! Eg blei så glad, det er noen som tar vare på skattane i hagen. Dagen etter var eg tilbake med fotoapparat, og sjøl fra avstand kunne eg sjå eit yrande insektliv i blomstrane.