onsdag 30. juni 2010

Primula 'Green Lace'


Eg er nok for tradisjonell i synet mitt på blomster til å kalle denne primulaen vakker. Då heller bruke ord som merkeleg, rar, uvanleg..... Slik er det med grøne blomster og meg. Men når det er sagt, så er denne planten både villig og herdig. Den kalde vinteren reduserte talet på primula- planter hos meg, men 'Green Lace' overlevde. Eg får huske på å samle inn frø i år. Kanskje det er andre der ute som synest den er både flott og fin?

søndag 27. juni 2010

Rosegelé


I går laga eg rosegelé. Rosegelé skal lagast av duftende roser, men eg vil no ikkje bruke dei gamle prestegardsrosene mine i hagen. Dei skal nytast på anna vis! Så då er det ut på jakt etter eit tilgjengeleg område med Rosa rugosa, gjerne ein offentleg hekk.... Og i går fann eg nokre flotte busker med mengder av roser. Eg gjer vel til og med ei velgjerning med plukkinga mi, rynkerose står no på svartelista over uønska planter i det fri. I alle fall, geléen vart vellykka, akkurat passe fast og flott i fargen. Når den første snøen laver ned, skal eg hente opp eit glas frå kjelleren. Roseduftende gelé vil minne meg om sommeren som var, og at det vil kome ein ny vår!

lørdag 26. juni 2010

La humla suse!


Eg liker humler! Dei er trivleg runde i forma, strevsomme og ikkje agressive. Tidlegare år var det alltid humlebol hos oss under eine vindskeia på garasjen. I vår gjekk eg til innkjøp av boka "Humlor - alla Sveriges arter" ettersom eg ikkje fann noke tilsvarende på norsk. Så da dei store dronninghumlene dukka opp, sprang eg etter dei med boka i handa for å prøve å klassifisere..... Det var ikkje heilt enkelt! I boka var også liste over humlene sine favorittblomster i hagen. Tja, det stemmer ikkje heilt med det eg ser. Der er ingen interesse hos humlene for lavendel og gul revebjelle, akeleier og den gamle gule rosa er derimot svært så bra besøkt. Så får eg sjå om anisisop, løvehale og vanleg isop som ikkje er i blomst enno kan vekke interesse hos humlene. Det heng nok saman med arten humle som er hos meg. Nyleg sto ein avisartikkel at humler og bier er utryddingstrua fordi høvelege boplassane mangler eller vert øydelagt. Videre var det i artikkelen oppfordring til hageeigarar om å plante "humlevennlege" planter, og la løvetanna stå... Dersom vi ikkje får blåbær, så er det fordi humlene mangler. Det er berre humler som greier å lage den vibrasjonslyden som gjer at blåbæra vert bestøva. Bildet er av naboen sin gullregn. Treet summer og syng av humleaktivitet!

fredag 25. juni 2010

Robinia i blomst!



To hus nedanfor meg bur Trude. Og Trude har ein Robinia i hagen sin. Langt ut i juni står treet der utan antydning til grønt. Men så ein dag skjer det noke, og eg ser at det praktfulle treet kjem i år og, med nydeleg bladverk og fantastiske rosa blomster. Heldige meg som har Trude som nabo, og som gled oss alle i nabolaget med treet sitt!

torsdag 24. juni 2010

Hagegleder i kø!


No er det vakkert ute i hagen! Den gamle rosa som kjem i frå bestemors hage står med mengder av gule roser, sibiriris og iris blømer i mange farger, og martagonliljene har fått fram dei første blomane. Rhododendronen er rett nok på hell, men dei blå valmuesøstrene står der så vakkert til dei gule dagliljene. I det som ein gang var eit urtebed står blå lavendel og akeleier i alle farger samen med kvit bjørnerot og med spansk kjørvel som bakgrunn. Det er godt å ha ein hage!