lørdag 31. desember 2011

Nyttårshelsing med eføy

Vi har hatt gjestar frå Vestlandet i jula. Dei veit kva eg set pris på, og hadde derfor med ein diger bukett med eføy. Eg sluttar aldri å forundre meg over ei plante som blomstrar på vinteren! Elles, på veggen utanfor heng rockeringen min. Nyttårsløftet får vere at eg skal klare å rocke like bra til begge sider. Idag får eg det til berre mot klokka...
Godt nyttår til alle hagebloggerane der ute, og takk for alle morosame og nyttige innlegg!

søndag 11. desember 2011

Julekrans med minner

Naboane mine flytter! For meg vert det eit stort sakn, vi har hatt godt naboskap i mange år. Og ikkje minst, felles interesse for hage og blomster. Så her er årets julepresang til dei, krans laga av diverse innsamla i hagen dei no forlater, og naturmateriale eg har funne passande til minne om "grøne" opplevingar vi har hatt saman.
Naboane har både blodbøk og grønbøk i hagen, så eg har limt inn bøkehamsar. Lett å kjenne igjen den fine blodbøkhamsen! Der er laurbærblad, oliventreblad og sypresskonglar til minne om ein ferie vi hadde saman i Italia. Tørka hagtornfrukter frå bakken i Botanisk hage der vi har vore utallege turar. Frøhus frå valmuer, og fine hemlokk-konglar frå nabohagen. Og så - nokre strå med hjertegras som skal symbolisere at eg er glad for tida vi har hatt ilag!

fredag 2. desember 2011

Den gamle kokeboka i ny utgåve

Mor gjekk på husmorskule i Ålesund i 1933. Ho skreiv sirleg i bok alle dagsmenyane og oppskriftene ho lærde der. Denne handskrevne kokeboka var det mor nytta mest når ho laga mat. Mor var flink med matlaginga, men ho bevega seg ikkje utenom oppskriftene. Sto der to teskeier i oppskrifta så vart det brukt... Kokeboka gjekk i arv til søstera mi, og her ein vinter skreiv søstera alle oppskriftene på datamaskin. Eit nydeleg arbeid med spalter og register, og ho brukte den gamle rettskrivinga med ord som citron og chocolade. Til slutt vart alle sidene med oppskrifter bunde inn med spiralrygg. Så no har eg også alle dei gamle oppskriftene til mor. I kokeboka står til og med oppskrift på kams! Det er nok ikkje så mange som veit kva det er uten å måtte google...
Det er så enkelt i dag å bruke datamaskin til å lage hefter slik som nyutgåva av kokeboka. Sjøl har eg planer om å skrive om hagen heime, kva prydplanter, roser, bærbusker og tre som var der. Ei slik bok må sjølsagt vere illustrert med bilder. Vi får sjå!

søndag 27. november 2011

Vårkorsveden står i blomst!

Det milde verlaget vi har hatt i haust har fått vårkorsveden i Botanisk hage til å tru at det er vår! No er det visstnok ikkje uvanleg at vårkorsved starter blomstringa i desember, men likevel... Der sto busken med mengder av nydelege, duftande, kvitrosa blomster. Eg anbefaler ein tur dit for å nyte synet. Så oppkvikkande å sjå ein busk i blomst no i novembermørket!

torsdag 24. november 2011

Julemarked i Botanisk hage på Tøyen

Laurdag 26. november er det julemarked i Botanisk hage på Tøyen. Markedet vert arrangert kvart år, og brukar å vere eit hyggeleg arrangement både for store og små. Følg linken til Botanisk hages Venner oppe til høgre dersom du vil lese meir.

lørdag 19. november 2011

Minne om eit plommetre

Plommetreet var planta av ein tidlegare huseigar. Men kva dei då tenkte på, det er meg ei gåte. Treet var sett ned ca. 20 cm frå gavlveggen! Det er mogeleg at det i si tid var eit søtt, lite plommetre som vart espaliert opp mot veggen. Men den gang vi flytta inn, så var treet digert, og vaks på skrå ut frå veggen. Eg kunne ingenting om frukttre, så eg let berre treet vekse. Ei stor grein strakk seg framfor vindauga, men det passa bra, for der sat alltid katta vår når ho meinte det var på tide at vi let henne inn. Vi kom til at plommetreet var 'Reine Claude' med gule plommer. Utruleg saftige og søte! Ei smaksoppleving av dei store! Og med eit fantastisk blomsterflor om våren. Men det å få tak i plommene var verre. Sjølsagt var dei finaste i toppen. Eg klatra ut vindauga i 2. etasje og ut på garasjetaket. Sto der på kanten av taket med plommeplukker. At det gjekk bra... Så måtte vi skifte bordkledninga på gavlveggen. Og eg - som kan argumentere langt inn i det usakelege når det gjeld å bevare tre og busker - hadde ingen motargument her. Treet måtte bort, det var ingen veg utenom. Men sjøl idag, fleire år etterpå, så saknar eg plommetreet. Konklusjonen er at ein må tenke seg nøye om før planting av tre og busker, og vere sikker på at det er rett plass. Hadde plommetreet berre stått ein meter frå veggen... Så var det bildet av admiralsommerfuglen. Nokre av plommene datt ned på steinhellene på terrassen. og det visste admiralen å sette pris på!

søndag 6. november 2011

Haustkrokus

Eg kunne ikkje fatte kvar haustkrokusen i hagen kom ifrå. Noke eg knapt nok visste eksisterte. Så demra det for meg: Det var Crocus speciosus 'Conqueror' som eg kjøpte i Berlin ifjor! Slik går det når ein kjøper etter farge og ikkje les på pakken.... Fargen er aldeles nydeleg, men krokusen har lange stilker som ikkje toler noke særleg regn. Og eg antar at dei skulle ha åpna seg, men det har ikkje skjedd. Kanskje veret er altfor surt og med for lite sol? I alle fall, ei hyggeleg overrasking i novemberhagen!

fredag 28. oktober 2011

Kåseri rundt Beatles og botanikk

På søndag skal eg til Zoologisk museum på Tøyen for å høyre professor Klaus Høiland snakke om Beatles og botanikk! Han har kalla kåseriet sitt "Norsk furupanel, barndommens jordbærmarker og valmuene i Penny Lane". Eg siterer frå kåseriomtalen:
"The Beatles' tekster har vært endevendt av forståsegpåere for å finne alle slags budskap, enten det er dop, sex, politikk eller at Paul angivelig skulle være død. Særlig det siste har medført mye utrolig morsomt vås! Pussig er imidlertid at ingen av nevnte forståsegpåere har interessert seg for de relativt (til poptekster å være) mange biologiske referansene i tekstene. Kanskje fordi popen er urban og dens tolkere enda mer urbane?"
Eg trur det vert eit morosamt foredrag! Her er link til sida med omtale.

fredag 21. oktober 2011

Amazonaslilje - ein fantastisk vakker plante

Eg har ikkje den store sansen for "shopping". Men når det er sagt, så er det ein sort butikkar eg alltid stoppar ved: Blomster- butikkar! Og som regel endar eg opp inne i forretninga for å sjå på - og ikkje minst nyte vakre og flotte blomster. For ei tid tilbake var eg innom favorittbutikken. Der er det alltid masse lekkert i planteveien, på seinvinteren brukar dei å ha store greiner med magnolia...... Og denne gangen fekk eg syn på ein fantastisk flott plante med blanke blad og kvite, hengande blomster. "Det er Eucharis", sa dama i butikken. "Og den er sett ned til halv pris, berre kr. 399,00!" Åja, eg var sterkt frista. Men samtidig tenkte eg, at planta passa ikkje heilt inn heime hos meg. Rette plassen ville vere på eit glasbord i ein minimalistisk leilighet med resten av interiøret i børsta stål og krom. Og slik er det ikkje heime hos meg...
Bildet har eg funne på nettet.

torsdag 13. oktober 2011

Ipomeaen som kom inn fra kulden

Ipomeaen min har ikkje synest om sommaren. For kaldt! Lite sol! Regn! Nesten så eg høyrer klaginga. Og under haustoppryddinga ute, så sto den der klar med mengder av knoppar. Kald haustsol klarte ikkje å rulle opp dei fine spiralknoppane. Då tok eg plaststampen med ipomea og bar inn i stova. Rettnok etter først å ha sprøyta grundig med mi gladblanding mot gruff: Vatn, grønsåpe og akevitt! Etter to dagar inne tok ipomeaen imot meg om morgenen med 14 blomster! Det går ikkje an å ha ein bedre start på dagen!

søndag 9. oktober 2011

Gul valmuesøster - i gruppa nesten ugras
























Idag passer det å sette strek for hagesesongen ute. Krukkene med hakeliljer, engletrompet og afrikalilje er i hus, kannaknollane er lagra i kjellaren, og eg har sanka blomsterfrø. Det er ikkje noke som blomstrar i hagen lenger - trudde eg! Men den gang ei, bak søylegrana står triumferande i blomst gul valmuesøster. Eg gjorde stor innsats i hagen i sommar med å utrydde gul valmuesøster, og trudde eg hadde kontroll... Søstra har ein imponerande evne til å så seg sjøl, og i motsetning til vanlege valmuer ikkje så enkle å røske opp. Eg må medgi at planta er flott og lysande gul der den står, og så kan det vel ikkje produserast modne frø på denne tid? Konklusjonen er freding akkurat no, men neste sommar, då er det opp og ut!

torsdag 6. oktober 2011

Årets siste fjelltur

Tidleg i sommar datofeste vi ein fjelltur i september med utgangspunkt frå Leirvassbu. Vi har no hatt ein så regnfull haust at forhåpningane om at turen kunne gjennomførast var ikkje så store. Rekna sånn halvveis med at vi vart sitjande inne på Leirvassbu og spele kort! Og så fekk vi det fine veret, dvs. ikkje regn, og då var eg vel fornøgd....
Her er vi på toppen av Visbretind med eit fantastisk fjellpanorama i alle retningar!

fredag 30. september 2011

Bror min og stikkelsbærtjuven

Bror min bor på Møre. Frå vindauga har han utsikt over fjorden, med øyane Hareid til venstre, Sula til høgre og Godøya midt i mellom. Bror min likar å følge med på båttrafikken, sjekke om makrellen er på innsig i fjorden eller studere niser som leikar seg i sjøen. Rett under vindauga står stikkelsbærbuskane på rad. Der såg han ein dag eit lite dyr som åt av stikkelsbæra! Ein mår! Ifølge bror min kan måren gå over til slik mat når det er trange tider. For at stakkaren skulle få litt variasjon i kosten la bror min ut pølsebitar... Heldigvis var det det berre stikkelsbæra måren likte og ikkje svartsurbæra som bror min er så stolt av...

fredag 23. september 2011

Grønnkål - ein robust supergrønnsak

Idag skal eg lage grønnkålgrateng! Vi dyrkar nesten kvart år grønnkål i hagen, det er ein smakfull og robust bladgrønnsak som er lite utsett for hagegruff. Og så skal grønnkål vere svært så sunt... Svigerinna mi med venner i Nord-Tyskland har fortalt at der har dei eigne grønnkålfestivaler! Grønnkålen kan gjerne stå ute om vinteren, men det forutsette stabil snøvinter og ikkje frost/tining. Då kan grønnkålen tape seg fort. Men det kan vere problem med djupsnø og. Eit år sto eg og spadde i snøen og leita etter grønnkålen. Då kom naboen ut og meinte det var no svært så tidleg eg var i gang med våronna..... Her i heimen brukar vi grønnkål til suppe, grateng og stuing. Grønnkål er ikkje så lett å få kjøpt i forretningane. For ei tid tilbake var vi invitert til venner. Istaden for blomster eller vinflaske tok eg med ein grønnkålstilk, vakkert pakka inn med silkepapir og cellofan!

mandag 19. september 2011

Så har eg ikkje Moses' brennande busk i hagen lenger ....

For mange år sidan kjøpte eg stauden Moses' brennande busk/Askrot - Dictamnus albus - hos ei urtedame i Vestfold. Eg visste ikkje for ein hageskatt eg kom heim med! Planta trivdes og blomstra, og hadde attpåtil nydeleg duft. Det bibelske namnet har stauden fått fordi den utsondrer eterisk olje på varme dagar, og denne oljedampen som stig opp skal i teorien kunne tennast på med ein fyrstikk... Eg medgir at eg aldri tok sjansen på å sette i brann favorittstauden min. Som sagt, den blomstra i hagen år ut og år inn, heilt til eg fekk for meg at eg skulle flytte den til ein annan plass. Det likte den slett ikkje. På den nye plassen vart planta ute for snigelangrep, så det enda med at mi kvite Moses brennande busk vart borte til slutt. I alle desse åra fekk eg mengder av frø som eg ikkje skjønte korleis eg skulle få til å spire. Det er til å ergre seg over!
Så no må eg berre glede meg over den lilla varianten som står i Oldemors hage på Tøyen. Fin den og!

lørdag 3. september 2011

Urtehagens dag i Botanisk hage på Tøyen


I morgen er det urtehagens dag på Tøyen. Der er eit innhaldsrikt program for dagen som planteinteresserte vil ha glede av! Programmet finn du her. Bildet er frå urtehagen i sommer, og viser eit flott bed med Monarda didyma - hestemynte.

torsdag 1. september 2011

Siste utveg for dagliljene - finn.no

Dagliljer er fine! Eg skjønar godt at mange hageeigarar har dei som samleobjekt, sjøl har eg 5 - 6 forskjellige. Det er flotte, problemfrie planter, dei veks både med og utan stell. Nettopp det at dei er så vekstglade har laga eit problem her i hagen. Dei gule dagliljene hadde omkransa den minste rhododendronen, og eg fekk klar beskjed av mannen min om å begrense dei. Eg spadde opp røtene, men hadde ingen ny plass i hagen å flytte dei til. Køyre røtene på hageavfallinnsamling? Aldri i livet! Då heller grave dei ned i eit vanstelt offenleg bed ei mørk natt... Dernest tenkte eg på å legge ut annonse på finn.no: "3 søppelsekkar med dagliljerøter gis bort. Garantert vekstvillige overalt...." No vart det ikkje slik. Det kom eit ungt par som held på å anlegge hage, dei var dro lykkelege avgårde med dagliljerøtene.

lørdag 27. august 2011

Grønt frå Vestlandet


Eg har nyleg vore nokre dagar på Voss. Vi hadde fleire fotturar der, både på fjellet og i lavlandet. Her er eit bilde frå ein dagstur til Kaldavasshytta. Så fine kontraster mellom stein, myrull, vatn og planter i fleire nyanser av grønt... På turen såg eg ein flokk med reinsdyr, dei sto på fjellkanten så fint i himmelsjå!

Perikumeng! Og ein blåknapp.. For mange år sidan laga eg perikumdram. Smaken gjorde at det vart med den eine gangen....

fredag 19. august 2011

Grøne ferieminner frå sør



Her er nokre plante-bilder frå ferien. Særleg rundt Middel- havet ser vi ofte klatre- planter med "trompetblomster", flotte og fargerike planter. Planten på bildet kan vere Tecoma radicans, men der er mange andre som lignar så det er vanskeleg å vere sikker.
Dette er Yucca filamentosa, palmelilje. Fantastisk flott! Planten skal visstnok kunne dyrkast i Norge, men eg har så langt ikkje sett yucca i noken hage her.

lørdag 13. august 2011

1000 åpne hager - Netthagevandring hos Tigerlilje

Hagen min er nok på det finaste om våren og forsommaren.  Det å plante lurt slik at det er blomstring ut over seinsommar og haust, det har eg ikkje fått til... Men når eg no var ute, så kom eg til at der var faktisk var ein god del planter i blomst!  Så her er bilder frå hagen min idag:



Kanna her eg i krukker.  Flott blomst, men eg skulle ønske litt rikare blomstring.
Blodbeger!  Fantastisk dekorativ sommer-
plante.
Kan anbefales!


I si tid gjekk eg til innkjøp av såkalla jordbær- krukke. Same kva eg planta i krukka syntest eg det var lite vellykka - heilt til krukka vart brukt til oxalis.
Reveamarant - fin sommerblomst.
Hosta er nydelege stauder.

fredag 12. august 2011

Olivias rose

Olivia og Klara var besteveninner i 1920-åra.  Olivia kom frå ein heim med hage, og ho gav Klara eit rotskot av rosa "Maiden's Blush" som vart planta heime hos Klara.  Nokre år seinare gifte Klara seg, og eit nytt rotskot vart med til ny heim.  Seinare har Olivias rose vorte spreidd med barn og barnebarn, og står no i mange hagar.  Rosa er også her i hagen hos meg, eit vitnemål om eit fint vennskap mellom to jenter for mange år tilbake.


torsdag 30. juni 2011

Eit vanskeleg valg - dei tre finaste plantene i hagen no

Ikkje enkelt å velge ut berre tre!  Men her er dei:

Peonen er gamal og var i hagen då vi flytta hit.  Eg har ikkje noke namn på han, men det er kanskje det som kallast bondepeon?  Peonar likar ikkje å verte flytta på seiast det, eg gjorde det likevel for eitt par år sidan trass i alle åtvaringar, og det ser ut for at den gamle peonen hadde godt av flyttinga.


Stjerneskjerm! Nydelege planter som eg er så glad i! Denne har heller ikkje noke namn, men eg har fått han av min gode hagenabo Trude her nede i vegen, så eg kallar han ganske enkelt for Trudes stjerneskjerm.


Årets første blomster på engletrompeten min! Nyinnkjøpt av året, og då i ganske så miserabel stand. Heldigvis kom engletrompeten seg ganske fort, og står no med masse knoppar.  Om eg klarer å overvintre planten er ei anna sak.  Den tid, den sorg.... No gled eg meg over flotte, duftande blomster!

lørdag 25. juni 2011

Roser og rosegelé

Idag har eg laga rosegelé!  Og det har eg  ikkje laga av eigne roser, men av rynkerose, rosa rugosa.  Det er lett å finne forvilla rynkerose ute i det fri, busken  står til og med på svartelista over planter med uønska spreiing i norsk natur.  Så då kan eg nyte geléen min med ekstra godt samvit! Her er to bilder av prestegardsrosene mine som ikkje vart opp i gelé.....

søndag 19. juni 2011

Villblomstens dag

Idag var det villblomstens dag.  Og trass i plaskregn på morgenen, så drog eg ut tidleg til møteplassen for informasjon om status for villblomsten i nærmiljøet.  Der var det representanter frå Fylkesmannen, frå kommunen, og ein botaniker fra NHM på Tøyen. Eg har idag lært om forskjell på slåttemark og beitemark, kva som skjer med plantene når dyr beiter og gjødsler marka, skjøtsel av dei respektive verneområda her, bruk av slåmaskin kontra ljå,  og om tilskot frå Fylkesmannen dersom ein vil prøve å reetablere ei villblomsteng... Kort sagt ein spanande og lærerik dag. Interessant å lære om korleis alt heng saman i naturen!

 
Dette er solblom, Arnica montana.  Planta var dessverre ikkje i full blomst enno.  Tidlegare var solblom vanleg, men har gått sterkt tilbake over heile landet.  Idag lærte eg av botanikeren at hovedblomsten på planten var bonden, som  blomstra først.  Dei to knoppane under var drengane, og når dei også blomstra, ja då var det på tide å starte slåtten!


Her er grov nattfiol, Platanthera chlorantha, ein flott og høgreist orkidé. 

lørdag 18. juni 2011

Blomstring i kaoshagen

I hagen har eg mest blomster om våren og tidleg sommer.  Har ikkje fått til det med jevn fordeling av blomstring ut over heile sesongen, det er mykje innfallplanting hos meg.  I alle fall, her er nokre av plantene eg gled meg over akkurat no!

Hakeliljene sette eg til driving inne i mars.  Etter vel ein måned blomstra dei! Hyggeleg det, men det var no slett ikkje meininga.  Heldigvis kjem dei også med blomstring ute.  Blomsterstilken kjem ikkje frå midten av blada, men frå sida på løken. Rare greier.


Her er primula 'Green Lace'.  Uvanlege blomster, men planten er herdig og klarte seg gjennom den strenge vinteren utan problem.  I år må eg prøve å samle frø, det er mange som synest det er ein fin primula!









Eg skreiv ein gang at eg hadde valmuer og akeleier overalt i hagen.  Skulle også ha teke med dei gule revebjellene!













Her er sibiriris i ein nydeleg, lilla farge.  Legg merke til den gule blomsten på bildet.  Det er gul valmue- søster, og her jobber eg intenst for å rydde dei ut av hagen! Dei frør seg hemnings- laust, og til no har eg ikkje lykkast i å få dei bort.





Eg er glad i hageiris.  Dette er ein sort som det er ein del av i dei gamle hagane i strøket.