lørdag 31. desember 2011

Nyttårshelsing med eføy

Vi har hatt gjestar frå Vestlandet i jula. Dei veit kva eg set pris på, og hadde derfor med ein diger bukett med eføy. Eg sluttar aldri å forundre meg over ei plante som blomstrar på vinteren! Elles, på veggen utanfor heng rockeringen min. Nyttårsløftet får vere at eg skal klare å rocke like bra til begge sider. Idag får eg det til berre mot klokka...
Godt nyttår til alle hagebloggerane der ute, og takk for alle morosame og nyttige innlegg!

søndag 11. desember 2011

Julekrans med minner

Naboane mine flytter! For meg vert det eit stort sakn, vi har hatt godt naboskap i mange år. Og ikkje minst, felles interesse for hage og blomster. Så her er årets julepresang til dei, krans laga av diverse innsamla i hagen dei no forlater, og naturmateriale eg har funne passande til minne om "grøne" opplevingar vi har hatt saman.
Naboane har både blodbøk og grønbøk i hagen, så eg har limt inn bøkehamsar. Lett å kjenne igjen den fine blodbøkhamsen! Der er laurbærblad, oliventreblad og sypresskonglar til minne om ein ferie vi hadde saman i Italia. Tørka hagtornfrukter frå bakken i Botanisk hage der vi har vore utallege turar. Frøhus frå valmuer, og fine hemlokk-konglar frå nabohagen. Og så - nokre strå med hjertegras som skal symbolisere at eg er glad for tida vi har hatt ilag!

fredag 2. desember 2011

Den gamle kokeboka i ny utgåve

Mor gjekk på husmorskule i Ålesund i 1933. Ho skreiv sirleg i bok alle dagsmenyane og oppskriftene ho lærde der. Denne handskrevne kokeboka var det mor nytta mest når ho laga mat. Mor var flink med matlaginga, men ho bevega seg ikkje utenom oppskriftene. Sto der to teskeier i oppskrifta så vart det brukt... Kokeboka gjekk i arv til søstera mi, og her ein vinter skreiv søstera alle oppskriftene på datamaskin. Eit nydeleg arbeid med spalter og register, og ho brukte den gamle rettskrivinga med ord som citron og chocolade. Til slutt vart alle sidene med oppskrifter bunde inn med spiralrygg. Så no har eg også alle dei gamle oppskriftene til mor. I kokeboka står til og med oppskrift på kams! Det er nok ikkje så mange som veit kva det er uten å måtte google...
Det er så enkelt i dag å bruke datamaskin til å lage hefter slik som nyutgåva av kokeboka. Sjøl har eg planer om å skrive om hagen heime, kva prydplanter, roser, bærbusker og tre som var der. Ei slik bok må sjølsagt vere illustrert med bilder. Vi får sjå!