fredag 24. desember 2010

God jul til alle hagebloggere og blogglesarar



Så er det jul. Pinnekjøt og rabbe er på kok, og alt er klart til kvelden. Kvar jul  får vi ein bukett kristtorn frå slekta på Stord. Buketten kom denne jula og, men i år var det ikkje så enkelt å finne kristtorn med bær. Kulden kom tidleg, og svoltne fuglar hadde kristtornbær på menyen. Eg ønsker alle ei god og fredfull jul!

lørdag 18. desember 2010

Eføy - med blomster i november

For nokre år sidan hadde vi konfirmasjon i november måned. Slekta på Vestlandet spurde meg kva for grønt eg hadde tenkt å pynte borda med. Eg måtte medgi at eg hadde ikkje tenkt så langt, så slekta kom til dagen med ein berepose eføygreiner. Til store forundring for meg - som aldri hadde finstudert eføyen - var planta i blomst. Tenk, blomster i november! Seinare har eg lært at det er blomsterfluger og spyfluger som ordner opp med pollinering på denne årstida. Bæra på eføyen kjem i februar/mars og er mat for svartetrast og andre fuglar. Og så må eg ta med ein opplysning til om eføy,  aktuell i disse julebordstider:  Dei gamle romerane trudde at ein krans med eføygreiner rundt hovudet hjelpte mot tømmermenn og bakrus....

søndag 5. desember 2010

Peparkakehus

Her i heimen vert det ikkje baka dei sju slaga til jul. Men peparkaker og peparkakehus må vi ha! Og huset ser likedan ut kvart år, og skal pyntast på same måten. Det skal alltid vere eit kor på taket! Opp gjennom åra på reiser har eg sett etter peparkakeformer. Her er ein svensk elg i frå Nordiska Muséum i Stockholm, sauer frå ein sykkeltur på Gotland og Mummitroll innkjøpt på byferie i Helsinki. Det hender vi diskuterer om vi skal fornye oss med kakehuset. Vi har ein gang sett bilde av Schloss Neuschwanstein i peparkakedeig.....

lørdag 4. desember 2010

Hærverk på julekransen min!

For nokre dager sidan henta eg ned frå loftet dei heimelaga julekransane mine. Dei er laga av naturmaterialer, eg lager ein eller to kvart år. På den eine kransen var der noke lysegult eg ikkje kjendes ved. Etter å ha studert det gule ei stund, fann eg løysinga. Det var restane av tørka hagtornfrukter. Noken hadde ete opp  fruktkjøtet! Mus på loftet! Makan! Eg gjekk fluksens til innkjøp av musefella "Rapp". Men så tenkte eg meg om. Det er no snart jul, og musene må no ha eit stussleg tilvære på loftet vårt. Og kanskje dei allereie har flytta ut? I alle fall til over jul skal  fella vere umontert. Så får vi sjå....

fredag 3. desember 2010

Jostein og julekaktusen

Jostein er svogeren min og bur utanfor Bergen. Han steller vel med sine planter både ute og inne. Eit unntak var i mange år julekaktusen. Jostein fekk ikkje noke orden på kaktusen, ikkje ville den blomstre, og veksten var kort sagt stygg. Noke måtte gjerast. Ein dag tok Jostein saksa og fasongklipte julekaktusen, ga han ein skvett vatn og sette så kaktusen i vinduskarmen. O under! Her er resultatet nokre veker seinere!