søndag 4. april 2010

Påskeliljer og undulater



For ein del år tilbake reiste vi på påskeferie til Førde. Vi var to vaksne, to barn og to undulater i bilen. På Vestlandet fekk vi eit skikkeleg snøver. Det lave ned med våt nysnø. Eit stykke før Hermansverk la eg merke til at i bakken og på jordet bak eit gardshus var det noke gult i snøen. Mannen min nekta plent å stoppe, men eg tenkte at på returen så skulle eg nok finne ut kva det gule var. På vei tilbake frå ferien hadde vi nydeleg påskever, og det meste av nysnøen var borte. Vi stoppa i veikanten nedanfor garden med det gule i snøen, og då såg eg at i bakken bak huset var det tusenvis av påskeliljer! Minst! Eg ringde på dørklokka på gardshuset og spurde om eg fekk lov til å sjå nærmere på påskeliljene. Det fekk eg lov til. Gardskona fortalde at bestanden av påskeliljer nok var ca 200 år. Men i tillegg kom der eit hjartesukk som viste at dei var nok ikkje var altfor glade i påskeliljene :"For vi får no ikkje noke gras.....".
Så var det undulatane. I Førde forelska den gule undulatdama vår seg i ein grøn undulathann. Ho gløymde fullstendig den blå mannen sin. Oppgjerets time kom på tilbaketuren, på ferjekaia i Dragsvik. Dei slost så fjøra fauk og blodsdropar pipla fram. Vi måtte ta den blå hanfuglen ut av buret og la han flyge fritt i bilkupéen. Han likte særleg godt å sitte på rattet. Kvar gang vi snurra på rattet, flytta han seg slik at han fortsatt sat på toppunktet. Eg hugsar at vi vart lagt merke til i køen på Sollihøgda....
Påskeliljene er frå Arboretet og Botanisk Hage på Milde. Skulle gjerne vist påskeliljeenga frå Hermansverk, men turen er før den digitale fotoalder...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar