søndag 3. april 2011

Den store overraskinga idag - blomster på porselensblomsten!

Utvalet av inneplanter hos meg er svært lite. Men eg har fleire porselensblomster, og då den vanlege Hoya carnosa. Eg er glad i porselensblomstrane mine, dei dufter godt og er ikkje så altfor kravstore når det gjeld stell. For mange år sidan kjøpte eg ein stikling hos Norsk Hoyaforening, sortnamnet er sjølsagt borte for lenge sidan. Her vart det problem for meg med stellet, og det tok mange år før stiklingen ville vekse. Når den då endeleg tok av, så var det med lange greiner i alle retningar, men ikkje antydning til blomster. Eg var inne på tanken om å degradere den til kontorplante, og omsorgen vart deretter.  Men idag, då eg skulle spandere ein skvett vatn, der overrasker porselensblomsten med blomster og mange knopper! Forstå det den som kan ....

3 kommentarer:

  1. Det var kanskje litt stemoderlig stell som gjorde utslaget? :)

    SvarSlett
  2. Åh så heldig du er. Det dufter sikker deilig hos deg nå =) Jeg har også flere Hoyaer, men heller ikke mine er så veldig blomstervillige. En må ha tålmodighet med desse her! Jeg har blomsterknupper på Carnosa compacta nå, og gleder meg stort til den blomstrer! Jeg vet ikke hvilken du har, men det kan være Carnosa. Er blada ganske store?
    Ha en fin uke!

    SvarSlett
  3. Hei Krepsemor!
    Porselensblomsten er nok ikkje Carnosa. Blada er smale og spisse, ca. 5 cm x 1. Og blomsterskjermen ikkje meir enn 2 cm tvers over! Så dette er ein minivariant.

    SvarSlett