Endeleg kom varmen til stor glede for både meg og hagen! Humler og bier har dukka opp, (eg har vore bekymra over å sjå så få i hagen) og jobbar ivrig i hagevillnisset mitt. For ei tid tilbake kom eg over på torget ei plante som var satt ned til halv pris. "Tibouchina" sa selgeren. Heilt ukjent for meg, men eg let meg friste - halv pris! - og bar planta heim. Så vart det omplanting i større krukke og litt god jord, og resultatet er flott blomstring! At eg må ordne overvintringsplass inne til vinteren har eg så langt fortrengt...Bredflatbelgen, Lathyrus latifolius, fekk eg av ei veninne i fjor med beskjed om å stelle pent med planta slik at det vart frøavling. Stellet i fjor var nok så som så, men bredflatbelgen overlevde til min store forbløffelse vinteren, og har no klatra 2 m opp på husveggen. Mengder av rosa blomster, men utan duft. Og i tillegg til å vere ein dekorativ klatreplante så likar humlene bredflatbelgen!
Nærbilder fra Skyggebalkongen
for 7 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar