Eg har no i november vore på ein tur til Sicilia. Sicilia er ei flott øy som har mykje å by på. Til og med badetemperaturen var akseptabel! Bouganvilla og hawaiiroser blomstra for fullt, på plantasjer og i hager sto appelsintre med både frukt og blomst. Her såg eg for første gang kapoktre - Ceiba pentandra. Store tre brukt i parker og gater med nydelege, rosa blomster. Når fruktkapselen åpna seg, er den full av kapok, silkelignande fiber som tidlegare i alle fall vart brukt til stoppingsmateriale. På bildet av "kusina til den lille havfrue" vises kapsler i bakgrunnen. Så smakte eg på fikenkaktus. Heilt ålreit smak, men eg medgir skrekk for pigger...
Nærbilder fra Skyggebalkongen
for 7 måneder siden