søndag 3. oktober 2010

"Ein ekte Dalasau eg var, sprang høgt til fjells med mor og far..."


Det er haust og fårikåltid. Her i heimen likar vi sauen både slik og sånn. Det er hyggeleg å treffe på sauer i fjellet og når sauen ender som mat på bordet så tenker eg han har hatt eit bra liv... Favorittmat hos oss: Fårikål, pinnekjøt, smalahove/saudehaud/sauehode - alt etter kven i familien som uttaler seg. Når vi serverer fårikål til gjester, då er det sermoni! Det skal syngast, (overskrifta er 1. verset frå ein av sauesongane våre), og gjerne taler med mimring om sauesanking seinhaustes. Mannen min tek fram barndomsminna der han vart skremt i møte med krøllhorna svartfjes. Eit år hadde eg sauelimerick-quiz, og bl.a. testa om gjestane våre hugsa når/kvar/kven som sa at sauer var ålreite dyr... Elles - Eg har vore ein gong på høgste fjelltoppen på bildet. Då lovde eg meg sjøl at eg skulle vere snill resten av livet dersom eg kom heil ned igjen. Ned kom eg, men lovnaden har nok ikkje alltid vore hugsa på....

3 kommentarer:

  1. Fårekjøt er absolutt ein favoritt her og i alle former. Her foretrekk vi fjorlam og vaksne sauer framfor lam. Vaksne dyr har mykje meir smak på kjøtet.
    Særleg til fårikål og pinnekjøt "MÅ" det være kjøt frå vaksne dyr.

    Ha ein fin fårikålsesong! :)

    SvarSlett
  2. Der er eg heilt einig med deg, til fårikål bør det vere kjøt frå vaksne dyr. Og så må der vere nok kål i kjelen, og fårikålen må koke lenge...

    SvarSlett
  3. Fikk lyst på både fjelltur og fårikål! :)

    SvarSlett