tirsdag 5. oktober 2010

Langvarig glede frå eit lite frø



Eg har eit kornvalmuebed som sår seg sjøl kvart år. Fuglane likar frøa, og det er kanskje "sleppnebbete" meiser som gjer at det dukker opp kornvalmuer overalt i hagen. Ettersom eg synest at valmuer er sjarmerande blomster, så lar eg kornvalmuene stå der dei dukker opp. Her er ein valmue som fann seg plass i ein sprekk i steinlegginga framfor garasjen. Og slik som den har blomstra! Og ennå står den der i fullt flor - i oktober månad!

2 kommentarer:

  1. Ja naturen er fantastisk, det er sikkert. Nydelig valmue.

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Så hyggeleg at du likte valmuen min! Skikkeleg standhaftig blomst forresten, plaskregnet i forgårs klarte ikkje å ta knekken på blomstringa!

    SvarSlett