torsdag 20. januar 2011

Glasverandaminner

Dette er barndomsheimen min, eit hus med glasveranda. Om vinteren var der sprettkaldt på verandaen, dei enkle glasrutene var ofte delvis dekka med is. Men om sommeren laga mor til ein grøn oase der.  I februar i fjor vart eg nostalgisk, og kom på at dette året skulle eg dyrke frå frø same klatreplantene som mor hadde på glasverandaen. Vestlandssommeren er som kjent ustabil, og mor fann det nok tryggast å ha plantene inne. Eg sådde klokkeranke, ipomea og tropevindel. Resultatet vart flott, bortsett frå problem med å floke opp ipomeaen før eg fekk plantene ut i det fri!


Klokkeranke - Cobaea scandens
Tropevindel - Thunbergia alata

3 kommentarer:

  1. Flotte bilder av klatreplantene dine, de minner om at det blir en ny vår!

    SvarSlett
  2. Klatreplantene trivdes nok med den ekstra beskyttelsen de fikk i glassverandaen. Cobaea er så fin, nå fikk jeg lyst til å så den i år.

    SvarSlett
  3. Så fint at du likte bilda mine, Randine! Cobaea er ein flott klatreplante, men er eit risikoforetak og dyrke inne frå frø. Planta veks fort, og er det kald vår tar det tid før utplanting...

    SvarSlett