Det sipregnar. Skikkeleg vått ute. Så alle uteplaner er lagt bort, og istaden hygger eg meg med blomsterbilde og høyrer på musikk. I dag tek eg fram - som motvekt til regnveret - dei mest lysande, oransje blomstrane eg har. Og det er ein knallfarga valmue som eg fekk av ei veninne med garanti om at ho var kvit..... Dernest er det ein ballblom der namnet er heilt borte for meg, og så årets klatreplante: Thunbergia gregorii 'Gregory'! Desse kunne vel vere utgangspunkt for eit syttitals-blomsterbed. Eit bed med blomster i oransje, gult, beige og brunt. Der stoppa det opp. Eksisterar det brune blomster, og då meinar eg melkesjokoladebrune. Kom gjerne med forslag!
Nærbilder fra Skyggebalkongen
for 7 måneder siden