Det har vore ein slik fin haust med langvarig blomstring i hagen! Så mykje å glede seg over! Først er det revehalen,
Amaranthus, som har strekt/senka seg til nesten ein meter. Og tenk, det var eit frø frå i fjor som spirte i kannakrukka inne til driving. OK, greit tenkte eg, då skal du få ein sjanse og bli med ut i hagen. Snakk om flott resultat!
På hagebordet står det som - kanskje - heiter ein rosenknopp pelargonia. Eg har hatt han i mange år, og namnet har blitt borte for meg. Fin uansett!
Her er dusksalvie 'Pink Sundae' og ein god del anna. Favoritthjørnet til humler og bier!