søndag 3. august 2014

I år har det summa i hagen!

Det skal vere insekt i hagen! Framfor alt vil eg ha der humler, bier og sommerfuglar. I år har det verkeleg teke av med vitjande humler og bier i hagefloraen min, aldri har hagen vore så full av summande lyd som denne sommaren. Planlegging av tilbodsplanter til humler og bier vart ikkje gjort gjennomtenkt av meg i vår, men det viste seg at hagen hadde nok av interessante blomsterplanter å by på.
Humlene har ennå ikkje teke i bruk humleholken min til bustad, i staden bor der ein humlefamilie bak panelet på garasjen. Og så bor der humler i taket. Mannen min fekk for seg at han måtte pusse takvinduet utanfrå - (søstrene hans frå Vestlandet kom på besøk...) Men der måtte han avslutte arbeidet lynsnart for under ein takstein like attmed bodde ein humlefamilie og dei likte ikkje aktiviteten hans. Han kom seg fort ned av taket!
Tre på topp planter for humler i sommar har vore agurkurk, kornvalmue og revebjelle. Etter at desse plantene blomstra av, har hestemynte vist seg å vere stor favoritt.
Neste år skal eg plante ringblomster, blomkarse, storhjortetrøst, honningurt, kystfrøstjerne og mange fleire! Plass? Her må eg nok inn i forhandlingar om plenarealet... Når det er sagt, så fekk plenstykket med kvitkløver lov til å blomstre i fred i år, til glede for både humlene og meg!






1 kommentar:

  1. HeiI
    Så fint med mange humleelskende blomster i hagen!
    Godt å ha en plan for neste års blomstring! Og så synes jeg det var kjempelurt med link til frøforhandlere på bloggen!
    Hilsen Anne-Kristin

    SvarSlett