søndag 24. januar 2016

Vinterhage

Under eit tjukt snølag søv hagen min vintersøvnen. Alt er kvitt og stille - bortsett frå fuglane som trassar vinteren og er innom matserveringa i hagen. Eg brukar mykje "hengemat", medgir at eg er redd for invasjon av "gjestar" på fire bein. Dei kan dukke opp når det er mykje søl rundt fuglebrettet. Litt frø strør eg likevel på bakken, og svartetrasten får to eplehalver kvar morgon. (Eg minnar han da på avtalen: Sang i hagen til våren!). Dei flittigaste gjestane på fuglematen er blåmeis og kjøtmeis. Her ein dag dukka ei svartmeis opp, men spettmeisa som ofte var gjest tidlegare, har eg ikkje sett i vinter. Så er der fast besøk av ein storfamilie med pilfink, svartetrast, gråtrast, kjernebitar og ein stakkars raudstrupe som sikkert angrar på at han droppa sydenreisa. Dompap og grønsisik er innom, og sjølsagt skjorene som sit på lur i  piletreet. Så vinterhagen er underhaldande og slett ikkje kjedeleg!



2 kommentarer:

  1. Kjekt med småfugler i hagen i januar, du har godt utvalg i ulike fugler.

    Ha en fin vinterdag!

    SvarSlett
  2. Koselige bilder fra hagen din, ja, vinterhagen er også spennende.
    Hilsen Ingeborg fra fruhaldshage

    SvarSlett