fredag 3. oktober 2014

Engletrompet og pelargonia i sesonginnspurt

For ein fantastisk sommar - og haust! No skriv vi oktober og fortsatt er der blomster i hagen. Engletrompeten har siste blomstringa no, snart skal han i hus for vinterlagring. Eg klipper ikkje ned før til våren, mest for å ha stiklingpinnar til å gi bort. Flott haustfarge på blåbærbusken min! Ingen blåbær til meg i år dessverre, trasten var ivrig og hausta før eg fekk snudd meg... Pelargoniane har ikkje avslutta sesongen ennå, fortsatt kan eg glede meg over blomsterprakta deira!




3 kommentarer:

  1. Jeg har sådd engletrompeter i år og nå skal snart vinterlagre dem. Jeg hadde tenkt å lagre dem mørkt og kjølig og klippe ned og fjerne blader, men kanskje jeg heller skal la være å klippe og gi dem lys i det kjølige kjellerrommet?

    SvarSlett
  2. Vanskeleg å seie kva som er beste måten for oppbevaring av engletrompet. Sjøl lagrer eg lyst, kaldt og uklippa planter, og blada har då ramla av. Kanskje nettet har fleire råd?

    SvarSlett