tirsdag 5. mai 2015

Blomsterbilder frå Tyrkia

Eg har vore på busstur i Tyrkia, og reiste frå Istanbul i nord til Antalya i sør, gjennom vekslande klima og natur. Tyrkia gjer krav på å vere heimlandet til tulipanen, og i Istanbul var det ufatteleg flotte tulipanbed. I nord blomstra judastreet, Cercis siliquastrum, overalt. Ifølge legenda var det i dette treet Judas Iskariot hengde seg, og av skam skifta blomstrane farge frå kvitt til raudt. Enten det er no slik eller slik, eg synest det er eit nydeleg tre! Så er det bilde av kjempefenikkel, Ferula communis. Bilde er forresten teke i Troja. Og til slutt eit foto av kornvalmuer, eg er som alltid like sjarmert av valmuer. Det kan ikkje vere heilt få kornvalmuebilder eg har i bildefilene mine...




torsdag 23. april 2015

Fioler, Titanic og Matt Damon

Eg har klaga over snøfall langt ut i april, men når eg tenker meg om så er det slett ikkje uvanleg. Rett før påske i 1998 var vi i København, og der kom det eit uventa og skikkeleg snøfall. Det ramla ned med våt snø, ikkje snakk om å spasere i bygatene i lavesko! I staden gjekk vi på kino og såg "Titanic" og "Good Will  Hunting" med Matt Damon. Og så var det fiolane. Eg kjøpte med meg heim ei krukke med fioler, og dei vart etterkvart planta ut i hagen. Her er etterkomarane!


tirsdag 14. april 2015

No må vinteren gi seg!

Eg synest faktisk det er nok no! Men håpet er at det går fort over og vert opp i regn, noke som vi treng ute i hagen. Bilete av snødekt vårkornell, diverse juleroser og scilla. Legg merke til røret bak julerosene. Eg har flytta humlekassa mi i håp om at ny lokalitet vil friste ei humledronning til innflytting.



torsdag 26. mars 2015

I hus med hageputene!

Og eg som la på plass hageputene for eit par dagar sidan... Det var nok vel optimistisk av meg! Men snøveret vil nok gi seg etter kvart, og eg er glad eg slepp ta meg fram i trafikken. Trøstebilde: Grein av vårkornell, Cornus mas.



tirsdag 24. mars 2015

Humler i hagen!

Det har vore ein utruleg varm og fin dag. Og der, endeleg, dukka dei første humlene opp i hagen. Våren er her! Heldigvis, hadde eg litt mat å by på til slitne og svoltne  humledronningar. For å vere på den sikre sida gjekk eg for nokre dagar sidan til innkjøp av blå  krokus i potte. Vi hadde eit snøfall i helga så eg var litt uroleg for at vinteren ikkje heilt hadde slept taket. Heldigvis var det eit kortvarig blaff. Varmen idag fekk julerosene ut i full blomst og nokre av mine eigne krokus står og strutter mot sola. Så velkomne alle humler til meg!


torsdag 19. mars 2015

Dagliljene i Koblenz

Eg har lært at når ein har sagt A, så skal ein og seie B! Derfor kjem her dagliljene i Koblenz som eg omtala i forrige innlegg. Legg merke til murkanten på bildet... I tillegg to andre bilder frå same området. Motivet på det eine bildet må vere av ei frøstjerne, det var ein høgreist og utruleg lekker plante. Men så er eg og spesielt glad i frøstjerner. Eg såg meg til sides og stal nokre frø, men dei var nok ikkje modne. I same hagen var der laga til blomster og pilfletting i kombinasjon, og på bildet er pilflettinga ei prinsessekrone.




onsdag 18. mars 2015

X-faktor svart og grøn

Så var det innspurten, og her har eg ein soleklar kandidat! Ifjor var eg i Koblenz og ute på Deutches Eck, landtunga der Mosel møter Rhinen. Eit flott område med statuer og beplantning, og der såg eg eit bed med ein fantastisk, svart daglilje! Wow! Eg hadde ikkje sett maken. Det var ikkje heilt lett å kome til bedet, eg måtte klatre opp over murkanter og pådro meg sinte tyske blikk. Attpå alt hadde eg gløymt fotoapparatet og måtte bruke mobilen... Vel heime etter turen, kva møter meg i hagen? Ein nydeleg, svart daglilje som etter mange år endeleg hadde funne det for godt å blomstre! Og nesten heilt lik dei eg såg i Koblenz! Fullstendig glømt bort av meg at eg hadde planta eingong. Heldigvis hadde eg namnelappen: "Night Beacon".