
Dette er vårkornell,
Cornus mas. Busken veks i nabohagen, er ca. 4 - 5 m høg, altså eit skikkeleg gammalt eksemplar. Med plassering i grensa mellom hagane våre har også eg stor glede av blomstringa. I år er busken dekka med sarte, lysegule blomster. Eit flott syn! Vårkornell er ikkje så vanleg i hagane her lenger, busken har tydelegvis gått av hagemote. Naboen har faktisk to busker, og det gjer at der kjem avlange, svartraude kirsebærstore frukter seinhaustes. Vi har prøvd å lage syltety, det vart med den eine gangen. Ikkje den store smaksopplevinga!


Bilde 2 er hasselbror,
Corylopsis platypetala. Busken står i Botanisk hage på Tøyen. I år er blomstringa praktfull! Bildet viser berre eit lite utsnitt. Eg veit ikkje så mykje om busken, men det skal visstnok ta mange år før den kjem i blomst, og så krev den nok plass! Blomstrane heng i akslignande klaser, tett i tett nedover greinene. Heilt nydeleg!
Så er det den gulblomstrande busken alle kjenner, gullbusk eller
Forsythia. Og den er ikkje uvanleg i det heile! Her er busken brukt mykje både i private og offentlege plantingar. Fin til å ta inn til driving, blomstrar trufast år ut og år inn. Gullbusken kan vere rotete i veksten, men kva rolle spelar det når den byr på så flott blomsterprakt!